Brannkonstabel - deltid
Brann og beredskap, Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Brannkonstablel - deltid
Oppstart
1. januar 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 2%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. oktober
Brannvesenet i Gloppen er organisert som eit deltidskorps med stasjonar på Sandane, Byrkjelo og Hyen.
Brannstasjonen på Sandane er samlokalisert med politiet i blålysbygget som ligg i Mona Industriområde med adresse Industrivegen 24.
Brannstasjonen i Breim ligg på Byrkjelo med adresse Breimsvegen1803
Brannstasjonen i Hyen ligg på Straume med adresse Hyevegen 1972.
Vi har ledig ei stilling som deltidskonstabel ved stasjonen på Byrkjelo frå 01.01.26
Arbeidsoppgåver
- Innsatsstyrke i brannkorpset ved brannutrykking, trafikkulykker og andre hendingar.
- Deltaking på øvingar etter oppsett øvingsplan. Øvingane er stort sett på kveldstid frå kl 18 til 20, og utgjer omlag 20 øvingstimar i året.
Kvalifikasjonar
- Utdanning eller erfaring i brann/redningsfaget.
- Anna relevant utdanning/yrkeserfaring.
- Gode samarbeidsevner.
- God helse – må legge fram helseattest.
- Førarkort klasse C er ein fordel.
- Vere villig til å ta nødvendige kurs som blir kravd for stillinga.
- Bustad innan rimeleg avstand frå brannstasjonen.
Vi tilbyr
- Ei samfunnsnyttig og utfordrande teneste.
- Fast årsgodtgjersle for bæring av personsøkar.
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader
Kvinner vert oppmoda om å søke.
Kontaktinformasjon
Kjell Aske, Brann og beredskapssjef, +47 415 87 654Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5027222202
Stillingsprosent: 2%
Fast
Søknadsfrist: 31.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Kjell Aske
Brann og beredskapssjef
+47 415 87 654
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d279b86e-4dd8-46d3-af69-71008bb297ec
- Hentet fra
talentech
- Referanse
87533fe2e34040c48e9df85accc02954