Fag- og opplæringsansvarleg
Møre og Romsdal Politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Fag- og opplæringsansvarleg
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 24. november
Om stillinga
Vi har ledig stilling som fag- og opplæringsansvarleg, politioverbetjent SKO 0287, ved operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt.
Operasjonssentralen er leiing- og koordineringsssentral for både planlagde aktivitetar og operativ verksemd i distriktet. Vi handterer politiet sine naudmeldingar (112) og andre meldingar frå publikum og samvirkeaktørar. Som fag- og opplæringsansvarleg vil du ha ansvar for å følgje opp fag og metode, drive kompetansehevande tiltak og legge til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring knytt til arbeidet ved operasjonssentralen. Det vil vere viktig å etablere eit godt samarbeid med andre fag- og opplæringsansvarlege i politidistriktet, samt andre relevante samarbeidspartnarar internt og eksternt.
Du må pårekne å delta noko i det ordinære arbeidet på operasjonssentralen ved behov. Du vil inngå i ein tredelt turnus i helg og ved ferieavvikling.
Felles eining for operative tenester (FOT) består av seksjon for operativ styring med operasjonssentralen og sentralbord, og seksjon for operative fag, øving og beredskap. Stillinga ligg til seksjon for operativ styring med oppmøtestad i Ålesund. Noko reiseverksemd kan forekomme.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som har høg fagleg kompetanse innan operativ styring, og som har gode samarbeidsevner, er initiativrik og har gjennomføringskraft.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit hos publikum, er avgjerande for suksess hos oss.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Arbeidsoppgåver
- ansvar for å følgje opp fag og metode i tråd med gjeldende krav føringer og beste praksis
- i samarbeid med seksjonsleiar utarbeide og vedlikehalde kompetanseplan for seksjonen
- leggje til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring
- lage og vidareformidle fagleg informasjon til tilsette ved operasjonssentralen og i politidistriktet om metode, planverk o.l.
- samarbeide med seksjon for operative fag, øving og beredskap for å formidle informasjon om metode, planverk o.l.
- vere superbrukar for operative styringssystem
- planleggje og gjennomføre kurs, fagdagar, vedlikehaldstrening og anna opplæring for tilsette ved seksjonen, sjølvstendig og i samarbeid med andre fag- og opplæringsansvarlege
- i samarbeid med seksjonsleiar sørgje for å ha fagleg gode instruktørar og fordele ansvar for gjennomføring av kurs/fagdagar
- delta i arbeidet på operasjonssentralen etter eigen arbeidsplan/turnus
- vere reponstidskontakt for Møre og Romsdal politidistrikt
- oppdatere relevant innhald på PBS web etter gjeldande rutinar
- ansvar for operativ bruk og opplæring i operative styringssystem, og behandle innsynsbegjæringar
- vere kontaktledd mellom operasjonssentral og andre roller og aktørar i arbeidet knytt til fag- og opplæringsrolla
- delta i nasjonalt fagnettverk
- andre oppgåver gitt av seksjonsleiar
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- bestått grunnutdanning frå Politi(høg)skulen
- erfaring frå politiet
- god kunnskap om samfunnet sin kriseberedskap og og krisehandtering
- god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk og formidlingsevne på engelsk
- plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, vil det bli henta inn opplysningar om deg frå registra til politiet.
- må kunne klarerast for HEMMELEG, jf. sikkerhetsloven
Det er også ønskjeleg med
- erfaring frå arbeid i operasjonssentral og gode kunnskapar om politiet sine operative styringssystem
- brei politifagleg erfaring
- erfaring frå undervisning/kurs-/instruksjonsverksemd
- instruktørutdanning for politiet sine operasjonssentralar
- anna relevant utdanning
Personlege eigenskapar
- gode evner til å arbeide sjølvstendig og planleggje på ein strukturert og effektiv måte
- gode samarbeidsevner
- initiativrik, evner å sjå oppgåver og har gjennomføringskraft
- utadretta og tillitskapande overfor andre
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- ei utfordrande stilling med gode utviklingsmoglegheiter for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
- fast stilling som politioverbetjent (SKO 0287) i Møre og Romsdal politidistrikt med brutto årslønn frå kr. 760 000 til kr. 820 000.
- for særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- godtgjersle etter gjeldande ATB belastande unntak, for tida kr. 44 708, og tillegg for eventuell beredskapsteneste
- medlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse.
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglement for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktperson for stillingen
Erik Steen Mikalsen
Seksjonsleiar
+47 70 11 87 00
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d1efb227-aea0-4d3f-b65f-3cf65bdeed4a
- Sist endret
10. november 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10315471