Ingeniør - byggesak og miljø
Hyllestad Kommune, Samfunnsutvikling og teknisk drift
Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad
Om jobben
Vi søkjer etter ingeniør - byggesak og miljø, fast 100 % stilling
Er du klar for å starte karrieren din – eller ta neste steg – i ein framtidsretta kommune med stort fagleg handlingsrom?
I Hyllestad kommune ser vi etter deg som vil, torer og kan bruke kompetansen din til å skape gode resultat og bidra til vidare samfunnsutvikling.
Nyutdanna? Vi ønskjer deg spesielt velkommen til å søkje! Du får god opplæring, fagleg rettleiing og eit støttande miljø med kollegaer som gjerne deler erfaring og kunnskap.
I tillegg vert du medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar.
Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP
https://www.klp.no/medlemsfordeler
- Stillingstittel
- Ingeniør bygg og anlegg
- Oppstart
- 1. januar 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. november
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonskrav til stilling
Utdanning innan jus, bygg, ingeniørfag, plan, arkitektur, miljø eller liknande. Du bør vere strukturert, løysingsorientert og ha gode samarbeidsevner. Vi har nynorsk som målform og du bør ha gode skriftlege og munnlege ferdigheiter. Førarkort klasse B er også naudsynt.
Vi ser fram til søknaden din!
Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gler oss til den dukkar opp i innboksen vår!
Arbeidsoppgaver
Kvifor Hyllestad?
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste. Du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten og her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Samt at vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar.
Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold og rimelege barnehage. I kommunesenteret har vi ein flott hall der det skjer mange kjekke aktivitetar.
Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestad info
Daglege arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
Handsame bygge- og delesøknadar etter plan- og bygningslova
Handsame utsleppssøknadar etter forureiningslova og forureiningsforskrifta
Arbeide med matrikkelføring og GIS
Rettleie søkjarar og innbyggjarar
Få ansvar for varierte og spennande oppgåver innan plan og utvikling
Lista er ikkje uttømmande, andre oppgåver kan kome i tillegg, samt endre seg etter behov.
Vi tilbyr
Vi tilbyr:
Spanande og varierte arbeidsoppgåver
Eit positivt og kompetent fagmiljø
Moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag og utvikle deg fagleg
Fleksibel arbeidstid og høve til heimekontor
Gode pensjons- og velferdsordningar
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje - uavhengig av bakgrunn, alder eller erfaring.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Hyllestad kommune er ein liten vestlandskommune, vi ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden, sentralt mellom Bergen og Førde. Daglege hurtigbåtavgangar Rysjedalsvika - Bergen. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten og her er gode vilkår for jakt og fiske. Vi er stolte av den nye fleirbrukshallen vår, her finn du mellom anna klatrevegg, biljardsalong, styrkerom, spinningsal og treningssal/kultursal. Det er eit rikt organisasjonsliv i kommunen.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d1ef8a1f-e031-4411-aea2-0b285868d780
- Sist endret
7. november 2025
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
d1ef8a1f-e031-4411-aea2-0b285868d780
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Tersan Havyard
Sted
Leirvik i Sogn
Arbeidsgiver
Tersan Havyard
Sted
Leirvik i Sogn
Arbeidsgiver
Tersan Havyard
Sted
Leirvik i Sogn