20% fast helgestilling i heimesjukepleien - 2. gongs utlysing
Tysnes kommune
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
20% fast helgestilling i heimesjukepleien
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. oktober
Er du på jakt etter ei meiningsfull helgestilling?
Me søkjer ein positiv og engasjert medarbeidar til ei fast 20% stilling i heimesjukepleien, med arbeid kvar tredje helg i to-delt turnus. Du vil få varierte arbeidsoppgåver knytt til pleie, oppfølging og medisinske prosedyrar – og vere med på å sikre gode og trygge helsetenester for innbyggjarane våre. Me har eit inkluderande arbeidsmiljø der latteren sit laust, og der me samarbeider godt, støttar kvarandre og finn løysingar saman i ein travel og variert arbeidskvardag.
Student? Då har me ekstra gode nyheiter for deg!
Tysnes kommune tilbyr ei eiga studentavtale som gjev deg moglegheit til å kombinere studiar med relevant arbeid og økonomisk støtte. Me har ei stipendordning som kan gje deg ekstra støtte i studietida - du kan lese meir om avtalen på heimesida vår.
I tillegg har me ein eigen lønsstige for studentar som studerer ved høgskule eller universitet innan fagområde som er relevante for stillinga. For helse- og omsorgstenesta gjeld dette til dømes for studentar innan sjukepleie, vernepleie, ergoterapi eller medisin. Lønsstigen er aktuell for deg som kan dokumentere at du har fullført minst eitt år av studiet.
Ved innsending av søknad ber me om at du legg ved relevante attestar og vitnemål.
Under kan du lese meir om kva stillinga inneber og korleis du kan bidra i tenesta.
Kva går stillinga ut på
I denne stillinga vil du få varierte og meiningsfulle oppgåver knytt til direkte pasientkontakt og fagleg arbeid i heimesjukepleien. Arbeidet omfattar blant anna:
- Gje pleie og bistand til heimebuande pasientar i samsvar med planlagde tiltak
- Utføre dagleg omsorg og pleie for pasientane
- Følgje opp individuelle målsetjingar og tiltak for kvar enkelt pasient
- Utføre spesifikke oppgåver i tråd med opplæring og skriftlege prosedyrar
- Journalføre og bidra til utarbeiding og oppdatering av pleieplanar
- Medverke til utvikling og kvalitetsforbetring på arbeidsplassen
Kva kompetanse som er viktig
Me ser etter ein medarbeidar med helsefagleg utdanning, for eksempel som:
- Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Sjukepleiar
- Vernepleiar
- Student innan relevante studieforløp (helsefagarbeid, vernepleie, sjukepleie)
Personar utan formell kompetanse kan bli vurdert opp mot personlege eigenskapar og erfaring.
Krav til stillinga:
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Gode IKT-kunnskapar
- Ved tilsetjing må politiattest leggjast fram, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4
- Utfylling av eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose er påkrevd
Ønskjelege kvalifikasjonar:
Kva me ser etter hos deg
Me ser etter deg som:
- Arbeider strukturert og sjølvstendig
- Har evne til å takle utfordringar og finne gode løysingar
- Bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid med kollegaer
- Har gode kommunikasjonsferdigheiter
- Har tverrfagleg forståing - saman yt me dei best tenestene!
Personlege eigenskapar for stillinga vert tillagt stor vekt.
Kvifor skal du jobba hos oss?
Hos oss blir du del av eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø, der du får møte pasientar med ulike behov og bidra til å sikre gode helsetenester i heimane deira. Heimetenesta er i stadig utvikling, og du får verdifull erfaring gjennom varierte oppgåver og fagleg refleksjon i kvardagen.
Me jobbar målretta for å fremje livskvalitet og tryggleik, og du blir ein del av eit team som støttar kvarandre og finn løysingar saman – med både fagleg tyngde og rom for humor.
Tysnes kommune tilbyr gode pensjonsordningar gjennom KLP, og løn vert gitt i samsvar med gjeldande hovudtariffavtale.
Er du student?
Då har me eigne ordningar som kan gje deg både økonomisk støtte og gunstige lønsvilkår – du kan lese meir om studentavtalen på heimesida vår
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d1ce717e-895b-4f13-bec0-fb647cd072ff
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10262981