Hopp til innhold

Er du vår nye teknikar?

Arbeidsgiver

Seashore Land AS

Sted

5574 Skjold

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 11. oktober

Hos oss er teknikarane avgjerande for at produksjonen går som planlagt, og for at fisken får dei beste føresetnadene for god helse og vekst. No søkjer vi ein praktisk og fagleg sterk teknikar som ønskjer å bidra til drift, vedlikehald og vidareutvikling av vårt  settefiskanlegg på Trovåg.

Som teknikar vil du få ei sentral rolle i den daglege drifta av anlegget, der du arbeider med tekniske installasjonar, førebyggjande vedlikehald og feilsøking. Du blir ein del av eit kompetent arbeidsmiljø med høgt fokus på kvalitet, HMS, fiskevelferd og kontinuerleg forbetring.

Arbeidsoppgåver

Hos oss vil du få ei variert og praktisk rolle med ansvar for:

  • Drift og vedlikehald av anlegg
  • Feilsøking og handtering av tekniske problem
  • Deltaking i planlagde prosjekt
  • Aktiv deltaking i den daglege drifta
  • Rapportering og systematisk journalføring
Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har:

  • Teknisk fagbrev (t.d. automasjon, elektro, mekanisk eller liknande)
  • Relevant arbeidserfaring frå tilsvarande arbeid
  • Sterkt fokus på HMS og kvalitetsarbeid
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Kven er du?

For å trivast i rolla trur vi at du:

  • Er arbeidsam, strukturert og sjølvgåande
  • Evnar å prioritere godt – både i hektiske og rolege periodar
  • Er engasjert, løysingsorientert og har ei positiv innstilling
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og spelar andre gode
Kvifor velje oss?

Hos oss får du:

  • Ei spanande rolle i ein bransje i sterk utvikling
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilgang til firmahytter i Røldal, Voss og Spania

Kontaktperson for stillingen

Daniel Langelandsvik

Driftsansvarleg Teknisk

+4793819920

daniell@seashore.no

Om bedriften

Bremnes Seashore-konsernet er ein av Noregs leiande leverandørar av oppdrettslaks. Med lang erfaring, høg kunnskap om oppdrett og innovasjon i alle delar av prosessen, har vi utvikla kvalitetsprodukt som blir etterspurde over heile verda. Ved vårt topp moderne pakkeri og foredlingsanlegg på Bømlo produserer vi 500 000 laksemåltid kvar dag. Med omlag 450 tilsette er vi ein viktig arbeidsgjevar og ein aktiv støttespelar i lokalsamfunna der vi har aktiviteten vår. Verdiane våre er utvikling - truverd - arbeidsglede.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d1adb30c-064b-4821-bc45-d78676a1fc58

Sist endret

25. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1deb943cca604893bce34e5d0b3678f7

Lignende annonser

Laster lignende annonser