Avdelingsleiar
Nav Bergen sentrum (regionkontor Bergen)
Møllendalsveien 8, 5009 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. oktober
Nav Bergen Sentrum søkjer ein engasjert og resultatorientert avdelingsleiar for fagområdet arbeidsavklaringspengar (AAP). Du skal leie ei avdeling med 15 tilsette som har ansvar for sakshandsaming av arbeidsavklaringspengar, der kvalitet, faglege vurderingar og effektiv sakshandsaming står sentralt. Avdelinga sakshandsamar krav om arbeidsavklaringspengar frå dei fire Nav-kontora i Bergen og samhandlar også tett med andre einingar både på fylkesnivå og nasjonalt. Du vil difor ha ein sentral rolle i å utvikle godt samarbeid med andre einingar for å sikre heilskaplege og effektive prosessar.
Som leiar i Nav skal du utøve tillitsbasert leiing med ein motiverande og inkluderande leiarstil. Du byggjer tillit gjennom å sjå og utvikle potensialet hos medarbeidarane dine. Gode relasjonsevner og evne til å skape eit inkluderande og godt arbeidsmiljø er difor sentrale eigenskapar i denne rolla.
Nav Bergen sentrum er regionkontor i Nav region Bergen og bydelskontor for Bergenhus og Årstad bydel. Vi held til i moderne kontorlokale med utsikt over Store Lungegaardsvann, nært bybanen, og har over 300 engasjerte tilsette. Hjå oss møter du kollegaer med ulik bakgrunn og kompetanse, sterke fagmiljø og eit arbeidsfellesskap som er oppteke av læring, samarbeid og utvikling. Saman jobbar vi for å løyse eit viktig samfunnsoppdrag og gjere ein forskjell for menneske og samfunn.
Hjå oss får du moglegheita til å leie og utvikle eit sentralt fagområde i Nav, med eit viktig samfunnsoppdrag og eit sterkt fagleg fellesskap.
Kva går jobben ut på?
- ansvar for den daglege drifta av avdelinga med personal, fag og resultatansvar
- leie, motivere og utvikle medarbeidarar og fagmiljø
- sikre måloppnåing innan kvalitet, produksjon og saksgang
- sørge for god framdrift i oppgåvene og tydelige prioriteringar
- bygge og vidareutvikle samarbeid på fagområdet med Nav-kontora i Bergen og andre relevante samarbeidspartnarar
- sikre eit godt arbeidsmiljø og kompetanseutvikling for dei tilsette
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha- fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- erfaring med å skape gode resultat innan tenesteleveranse og arbeidsmiljø
- leiarerfaring med personalansvar
- erfaring frå endring og omstillingsprosessar
- gode munnlege og skriftlege evner på norsk
- forståing for leiing i staten og kjenne samfunnsoppdraget til Nav godt
- erfaring frå leiing i offentleg verksemd
- kjennskap til Nav sine tenester
- erfaring med strukturert forbetringsarbeid og Lean-metodikk
Kven er du?
- er løysingsdyktig og har god gjennomføringsevne
- har evne til å byggje tillit, skape gode relasjonar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- er tydeleg, strukturert og resultatorientert
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- har evne til å motivere, inkludere og spele på lag med erfarne og kunnskapsrike medarbeidarar
- har godt humør og er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet
Kvifor velje oss?
- spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit høgt prioritert samfunnsområde
- du får leie aktive og engasjerte medarbeidarar som brenn for samfunnsoppdraget
- fleksibel arbeidstid, hybrid arbeidskvardag og moglegheit for trening i arbeidstida
- statleg tilsetting som avdelingsleiar i kode 1407 i lønsspenn frå kr 830 000 til 900 000. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Mette Johnsen Bentdal, Regionleiar /avdelingsdirektør, 411 84 104Arbeidssted
Møllendalsveien 85009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5174208680
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Mette Johnsen Bentdal
Regionleiar /avdelingsdirektør
411 84 104
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d1a60f8e-2059-4d00-b967-8a8977f606f4
- Sist endret
21. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
98c13b9bfab44a58855d278166881ab9