Sjukepleiar på natt – bli del av laget vårt i eldremedisin
Avdeling for eldremedisin, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. oktober
Vi har ledig fast stilling på natt i 60%, med moglegheit for høgare stillingsprosent dersom du ønskjer å kombinere med arbeid på geriatrisk sengepost.
Hos oss på eldremedisinsk post, alderspsykiatri, møter du eldre pasientar med psykiske lidingar og samansette utfordringar. Vi løyser oppgåvene saman, tek ansvar når det trengst – og sørgjer for at både pasientar, pårørande og kollegaer blir sett.
Arbeidsdagen kan vere krevjande, men du står aldri åleine. Her lærer vi av kvarandre, finn løysingar saman og skapar eit miljø prega av humor, tryggleik og fagleg styrke.
Vi har òg ein positiv haldning til vidareutdanning innan aktuelle fagfelt, og legg i stor grad til rette for at du skal kunne utvikle deg vidare hos oss.
👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Klikk på søkeknappen – vi gler oss til å bli kjent med deg!
Arbeidsoppgåver
- Gi sjukepleie til inneliggande pasientar med behov for utgreiing, behandling og observasjon.
- Pasientoppfølging og observasjon gjennom natta.
- Delta i tverrfagleg team og koordinere oppfølging.
- Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kommunen.
- Pasientoppfølging og observasjon under utgreiingsopphald
- Gi omsorg og respekt for både pasientar og pårørande.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med vidareutdanning innan rus og psykiatri.
- Vernepleiar kan også søkje.
- Erfaring frå fagfeltet er ein fordel.
- Gode datakunnskaper.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Kva ser vi etter hos deg?
Kvifor skal du velja oss?
Hos oss får du:
- Årsplan med 16 helger i året.
- Fagdagar, kurs og simuleringstrening – vi legg til rette for fagleg utvikling.
- Ei positiv haldning til vidareutdanning innan aktuelle fagfelt, og vi tilrettelegg for at du skal kunne utvikle deg vidare
- Kollegastøtteordning – du står aldri åleine.
- Eit inkluderande arbeidsmiljø i ei IA-verksemd.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Grethe Liknes Thorsen, Fagsjukepleiar, 46889361Doreen Halleland, Avdelingsleder, 41692464, doreen.halleland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5015880504
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 05.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Grethe Liknes Thorsen
Fagsjukepleiar
46889361
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d12d8226-e5f1-48aa-81cc-5fd49fd4678c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a9c035e5fc8849a5b6e528ae97732217