Ledige vikariat som inspisient på Det Norske Teatret!
Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Inspisient
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. oktober
Vi har to ledige vikariat fram til sommaren 2026 -- eitt med oppstart i november og eitt i januar. Det kan vere moglegheit for forlenging.
Inspisient Ansvarsområde og arbeidsoppgåverHovudoppgåva til inspisienten er å vere administrativ leiar av prøvar og framsyningar. Inspisienten er bindeleddet mellom administrasjonen og teknisk/kunstnarleg personale på dei produksjonane som hen blir tildelt, og skal sørge for at praktisk framdrift i produksjonen blir halden.
Utdanning og erfaringVi søkjer ein ansvarsbevisst og innovativ person med gode samarbeidsevner. Du må kunne utarbeide praktiske løysingar innanfor gitte rammer i eit hektisk miljø, og ha evne til å takle raske omstillingar.
Vi tilbyrSom inspisient følgjer du prøvar og framsyningar for tildelte produksjonar. Arbeidstida vil variere mellom dag og kveld på vekedagane, og i helga når det er framsyningar.
Arbeidsstaden for inspisienten vil variere, og er styrt av kor vi til kvar tid speler teater i Oslo eller på turne.
Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søkje.
Om bedriften
Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonane i Norden. Vi har som mål å vere eit djervt, ope og engasjerande teater dit folk søkjer for refleksjon, oppleving og underhaldning. Det Norske Teatret skal med nynorsk som scenespråk og eit breitt samfunnsengasjement skape nye uttrykk og nå eit stort publikum.
Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scener.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d088725a-08bd-4c45-a7c6-16b219a0efbc
- Hentet fra
FINN
- Referanse
428597009