Hopp til innhold

Er du vår nye vernepleiar eller sjukepleiar?

Arbeidsgiver

Etne kommune Miljøarbeidstenesta

Sted

Gjerdsrabbane 25, 5590 Etne

Om jobben

Stillingstittel
Vernepleiar/sjukepleiar - 100 % fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. november

Vil du vere med å skape gode dagar for brukarane våre?

Vi søkjer ein engasjert vernepleiar eller sjukepleiar til 100% fast stilling i miljøarbeidstenesta. Hos oss står brukaren i fokus, og vi arbeider kvar dag for å skape trygge, individuelle og meiningsfulle tenester. Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, varierte arbeidsoppgåver og moglegheit til å gjere ein viktig forskjell i menneske sine liv.

Arbeidsoppgåver

  • Yte praktisk bistand og opplæring til personar med ulike funksjonsnedsettingar og bistandsbehov
  • Følgje opp brukarane sine mål, behov og vedtak
  • Bidra til å sikre fagleg forsvarlege tenester og god kvalitet i tenesteytinga
  • Observere, dokumentere og evaluere tiltak
  • Samarbeide med pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Delta i legemiddelhandtering etter gjeldande rutinar og regelverk
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og fagleg utvikling i tenesta
  • Vere med på å fremje meistring, sjølvstende og deltaking for brukarane

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Førarkort klasse B
  • Erfaring frå arbeid med menneske med funksjonsnedsettingar er ein fordel
  • Kunnskap om målretta miljøarbeid er ønskjeleg
  • Erfaring med legemiddelhandtering er ein fordel

Eigenskapar

  • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
  • Du er sjølvstendig og trygg i eigen fagutøving
  • Du samarbeider godt med kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er fleksibel, løysingsorientert og likar varierte arbeidsoppgåver
  • Du har evne til å byggje gode relasjonar til brukarar, pårørande og kollegaer
  • Du er fagleg engasjert og oppteken av kvalitet i tenestene
  • Du set brukaren sine behov i sentrum og arbeider for å fremje meistring og sjølvstende

Me tilbyr

  • Ei spennande og meiningsfull stilling i eit fagleg engasjert arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver og moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollegaer
  • Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Rettleiing og tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Annan informasjon

Hos oss får du arbeide i ein turnus med langvaktordning. Stillinga har 12,5-timars vakter kvar fjerde helg, og det kan også vere aktuelt med langvakter i vekedagane kombinert med dag- og seinvakter. Dette gir gode moglegheiter for samanhengande fritid og tett oppfølging av brukarane. Samstundes inneber stillinga ansvarsvakter og tett samarbeid med brukarar, pårørande og andre faggrupper. Vi søkjer difor ein medarbeidar som trivst med både sjølvstendig arbeid og teamarbeid.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Birthe T. Eik

+47 46942834

birthe.tislavoll.eik@etne.kommune.no

Om bedriften

Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk. TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cfb09709-cba3-4bfe-8550-154103e6dfc8

Sist endret

26. oktober 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3673389_214835_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser