Barnehagelærar 100% Valle og Hylestad barnehagar,Valle kommune
Valle kommune
Harstadvegen 29, 4747 Valle
Om jobben
- Oppstart
- 1. januar 2027
- Stillingstittel
- Barnehagelærar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. november
Vil du ta fagleg ansvar og vere med på å utvikle ein barnehage der omsorg, inkluderande leik og meistring står sentralt?
Valle kommune er i vekst, og me gleder oss over aukande barnetal i barnehagen.
Med visjonen «Robuste barn i leikande miljø» søkjer Valle og Hylestad barnehagar ein fagleg engasjert barnehagelærar til eit 100 % vikariat frå 1. januar 2027 til og med 8. august 2027. Saman med pedagogisk leiar får du medansvar for å planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere det pedagogiske arbeidet.
Me arbeider med kunnskapsmodellen som eit felles fagleg grunnlag, med barnet sine behov som utgangspunkt for tilrettelegging og samarbeid med føresette. Helsefremjande oppvekst er eit sentralt satsingsområde. Gjennom inkluderande leik, fysisk aktivitet og varierte uteopplevingar fremjar me tryggleik, tilhøyrsle, rørsleglede og meistring. Målet er å fremje trivsel og utvikling og bidra til å utjamne sosiale forskjellar.
Barnehagen er organisert i to einingar, Valle og Hylestad. Hylestad-eininga ligg på Nomeland og har tre avdelingar. Valle-eininga ligg i skuleområdet i Valle. Stillinga er for tida lagd til Valle. Ved behov må du kunne arbeide ved begge einingane. Du må kunne arbeide på småbarnsavdeling.
Begge barnehagane har flotte uteområde og natur i nærmiljøet som gir gode høve til leik, utforsking og turar gjennom året.
Arbeidsoppgåver
- Ha medansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanen og årsplanen
- Ivareta barna sitt behov for omsorg, tryggleik og gode relasjonar
- Bidra til eit nært og tillitsfullt samarbeid med føresette
- Vere ein god rollemodell i møte med barn og vaksne
- Utvikle eit inkluderande leikemiljø og bidra til eit trygt lærings- og arbeidsmiljø
- Bidra til fagleg utvikling og oppfølging av barnehagane sine satsingsområde
- Sikre barna sin medverknad og leggje til rette for utvikling og meistring
Kvalifikasjonar
- Godkjend barnehagelærarutdanning, eller anna utdanning som etter gjeldande regelverk kvalifiserer for stillinga.
- Søkjarar med utanlandsk utdanning må dokumentere godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
- Relevant erfaring frå arbeid i barnehage vil bli vektlagd
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
- Det er ønskjeleg med kunnskap om småbarnspedagogikk og erfaring frå arbeid med dei yngste barna
- Er sjølvstendig og trygg i rolla og kan ta ansvar for å organisere og leie teamet i samarbeid med pedagogisk leiar
- Gode digitale ferdigheiter og evne til å nytte IKT-verktøy i planarbeid og dokumentasjon
- Politiattest av nyare dato må leggjast fram før tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- Trygg, omsorgsfull og nærverande i møte med barna
- Ser kvart enkelt barn og set barna sine behov i sentrum
- Fagleg engasjert og reflektert over eigen praksis
- Positiv, løysingsorientert og engasjert
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst i det daglege arbeidet
- Evne til å ta initiativ og leie aktivitetar og pedagogisk arbeid ved behov
- Bidreg aktivt til eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø prega av respekt og open dialog
- Møter barn, føresette og kollegaer med respekt og rausheit
- Motivert for å bidra til utvikling av barnehagane
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Kva vi tilbyr
- Stillingsbrøk 100%
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- Eit fagleg fellesskap med vekt på utvikling og samarbeid
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte vaksne
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- Bedriftsleilegheit i Kristiansand sentrum
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper
- Gratis barnehage
- Ei triveleg bygd å bu i
- CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter
- Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Kontaktinformasjon
Cathrine Dvergsnes, Styrar, 41876397, cathrine.dvergsnes@valle.kommune.noNøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Valle kommuneReferansenr.: 5204090340
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 08.08.2027
Søknadsfrist: 22.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cf7759db-55bd-415e-ac8c-2b0d0719ec02
- Sist endret
6. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5ff53e87457a466f8c4724400749727d