Seniorrådgjevar - beredskap i Sivilforsvaret
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
3115 Tønsberg
Om jobben
Stillingstittel
Seniorrådgjevar - beredskap
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 13. oktober
Sivilforsvaret søkjer ein dedikert og erfaren seniorrådgjevar til Seksjon for beredskap. Vi ser etter deg som trivst i ein travel kvardag, og som ønskjer å bidra i arbeidet med å ivareta og vidareutvikle Sivilforsvaret si operative evne i fred, krise og krig.
Du skal:
Kvalifikasjonar
Du må ha:
Vi ønskjer at du har erfaring frå
Vilkår:
Fast stilling som seniorrådgjevar (stillingskode 1364) med årsløn frå kr 740 000 – 800 000.
TryggleiksklareringDen som får tilbod om stilling, må vere tryggleiksklarert til nivå HEMMELEG før tiltreding.
Du må rekne med noko reiseverksemd.
Om Sivilforsvaret og stillinga
Sivilforsvaret er ein uniformert etat underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og vert leia av Sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvaret består i fredstid av 8000 tenestepliktige mannskap som er fordelt på 20 sivilforsvarsdistrikt, som kvar leiast av ein distriktssjef. Sentralt nivå er organisert gjennom Sivilforsvarsavdelinga som består av to seksjonar og eit økonomi- og styringssekretariat leia av assisterande sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvarets hovudoppdrag er å beskytte befolkninga i krise og krig. Sivilforsvaret har mynde og ansvar for ei rekkje sivile beskyttelsestiltak. I fredstid skal Sivilforsvaret sørge for at det blir oppretthaldt god beredskap i heile landet og vera forsterkningsressurs når naudetatane og andre styremakter treng ekstra ressursar. Sivilforsvaret er organisert med lokale, regionale og nasjonale innsatsstyrker beståande av tenestepliktige mannskap og befal. Eit eige kompetansesenter har ansvaret for utdanning og opplæring. Det er totalt ca. 230 tilsette i Sivilforsvaret, fordelt på distrikta og Sivilforsvarsavdelinga. Den viktigaste ressursen er dei tenestepliktige som blir kalla ut til innsats i ulike oppdrag frå nord til sør. Sivilforsvaret bidreg også internasjonalt med ulike kapasitetar.
Seksjon for beredskap er ei travel seksjon med brei portefølje. Vi har nasjonalt ansvar innan forvalting og vidareutvikling av Sivilforsvaret si operative evne i fred, krise og krig. I dette ligg mellom anna nasjonalt fagansvar for dei sivile vernetiltaka befolkningsvarsling, evakuering og tilfluktsrom. Seksjonen har også fagansvar innan beredskap og krisehandtering i Sivilforsvaret, planlegging, gjennomføring og evaluering av beredskapsøvingar, arbeid med Sivilforsvaret sitt beredskapsplanverk og forvalting av nokre av Sivilforsvaret sine digitale verktøy. Ved kriser og hendingar har vi ei rekkje oppgåver i Sivilforsvaret si krisehandtering på sentralt nivå. I tillegg har seksjonen ansvar for å forvalte DSB sine internasjonale humanitære kapasitetar, og for å ivareta operasjonsleiing ved internasjonale innsatsar med personell og materiell frå desse kapasitetane.
Den nye medarbeidaren i seksjonen vil i stort ha si portefølje innanfor oppgåver knytt til forvalting og vidareutvikling av Sivilforsvaret si operative evne, og då særleg innanfor beredskap og krisehandtering. Den som vert tilsett i stillinga må likevel vere førebudd på å også bidra innanfor andre område av seksjonen si samla portefølje.
Les meir om Sivilforsvaret og det enkelte distrikt på www.sivilforsvaret.no
Du skal:
- leie og bidra inn i planlegging, gjennomføring og evaluering av beredskapsøvingar
- ivareta oppgåver innan beredskap og krisehandtering på sentralt nivå i Sivilforsvaret
- forvalte og utvikle beredskapsplanar
- representere Sivilforsvaret i samarbeid med andre aktørar
- leie og delta i utviklingsprosjekt i Sivilforsvaret
- delta i beredskapsvaktordning ved behov
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- relevant mastergrad eller tilsvarande grad. Bachelorgrad saman med særleg relevant kompetanse og erfaring kan kompensere for kravet til mastergrad. Utdanning frå utlandet må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
- kompetanse innanfor samfunnstryggleiksområdet
- god forståing for forvaltingsprosessar
- god formidlingsevne skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
- følgjande personlege eigenskapar:
- sjølvstendig og ansvarsbevisst
- løysings- og samarbeidsorientert
- analytisk
- høg leveranseevne
Vi ønskjer at du har erfaring frå
- arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, gjerne innan beredskaps- og øvingsplanlegging
- å leie utviklingsprosessar
- offentleg forvalting
Vilkår:
Fast stilling som seniorrådgjevar (stillingskode 1364) med årsløn frå kr 740 000 – 800 000.
TryggleiksklareringDen som får tilbod om stilling, må vere tryggleiksklarert til nivå HEMMELEG før tiltreding.
Du må rekne med noko reiseverksemd.
Om Sivilforsvaret og stillinga
Sivilforsvaret er ein uniformert etat underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og vert leia av Sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvaret består i fredstid av 8000 tenestepliktige mannskap som er fordelt på 20 sivilforsvarsdistrikt, som kvar leiast av ein distriktssjef. Sentralt nivå er organisert gjennom Sivilforsvarsavdelinga som består av to seksjonar og eit økonomi- og styringssekretariat leia av assisterande sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvarets hovudoppdrag er å beskytte befolkninga i krise og krig. Sivilforsvaret har mynde og ansvar for ei rekkje sivile beskyttelsestiltak. I fredstid skal Sivilforsvaret sørge for at det blir oppretthaldt god beredskap i heile landet og vera forsterkningsressurs når naudetatane og andre styremakter treng ekstra ressursar. Sivilforsvaret er organisert med lokale, regionale og nasjonale innsatsstyrker beståande av tenestepliktige mannskap og befal. Eit eige kompetansesenter har ansvaret for utdanning og opplæring. Det er totalt ca. 230 tilsette i Sivilforsvaret, fordelt på distrikta og Sivilforsvarsavdelinga. Den viktigaste ressursen er dei tenestepliktige som blir kalla ut til innsats i ulike oppdrag frå nord til sør. Sivilforsvaret bidreg også internasjonalt med ulike kapasitetar.
Seksjon for beredskap er ei travel seksjon med brei portefølje. Vi har nasjonalt ansvar innan forvalting og vidareutvikling av Sivilforsvaret si operative evne i fred, krise og krig. I dette ligg mellom anna nasjonalt fagansvar for dei sivile vernetiltaka befolkningsvarsling, evakuering og tilfluktsrom. Seksjonen har også fagansvar innan beredskap og krisehandtering i Sivilforsvaret, planlegging, gjennomføring og evaluering av beredskapsøvingar, arbeid med Sivilforsvaret sitt beredskapsplanverk og forvalting av nokre av Sivilforsvaret sine digitale verktøy. Ved kriser og hendingar har vi ei rekkje oppgåver i Sivilforsvaret si krisehandtering på sentralt nivå. I tillegg har seksjonen ansvar for å forvalte DSB sine internasjonale humanitære kapasitetar, og for å ivareta operasjonsleiing ved internasjonale innsatsar med personell og materiell frå desse kapasitetane.
Den nye medarbeidaren i seksjonen vil i stort ha si portefølje innanfor oppgåver knytt til forvalting og vidareutvikling av Sivilforsvaret si operative evne, og då særleg innanfor beredskap og krisehandtering. Den som vert tilsett i stillinga må likevel vere førebudd på å også bidra innanfor andre område av seksjonen si samla portefølje.
Les meir om Sivilforsvaret og det enkelte distrikt på www.sivilforsvaret.no
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cf4a20b3-e16a-4daa-90d8-3e9dfbbbf40a
- Hentet fra
sap
- Referanse
1319 1810VETR BER beredskap