Hopp til innhold

Sakshandsamar bustad

Arbeidsgiver

Samfunn, kultur og miljø, Kinn kommune

Sted

Gate 1 225, 6700 Måløy

Om jobben

Stillingstittel
Sakshandsamar bustad
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. desember

Vil du bidra til at innbyggjarar får god hjelp i spørsmål om bustad?
Vi har ledig eit 50 prosent vikariat som sakshandsamar ved Bustadkontoret i Måløy. Vikariatet varer i seks månader, med moglegheit for forlenging.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med mykje kontakt med menneske. Ein viktig del av jobben er å rettleie og følgje opp søkjarar, leigetakarar, pårørande og andre innbyggjarar som har behov for kontakt med tenesta. Du vil samarbeide tett med andre tenester for å finne gode løysingar for den enkelte. Vi ser etter deg som møter menneske med respekt, skaper tillit og gir tydeleg og forståeleg informasjon.


Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling og tildeling av kommunale bustader i tråd med gjeldande lovverk, kommunale retningslinjer og fagleg god praksis
  • Oppfølging og rettleiing av personar som har behov for bistand.
  • Dokumentasjon og saksbehandling i relevant fagsystem.
  • Sakshandsaming og oppfølging av førespurnader frå søkjarar, leigetakarar, pårørande og andre innbyggjarar.
  • Samarbeid med andre kommunale tenester og eksterne samarbeidspartnarar for å sikre god og heilskapleg oppfølging av innbyggjarane.
  • Oppdatering og vedlikehald av fagsystem, leigekontraktar og husleigeregulering.
  • Halde deg oppdatert innan fagfeltet og gjeldande regelverk

Kvalifikasjonar

  • Krav om treårig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag, fortrinnsvis sosionom eller barnevernspedagog.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå sakshandsaming og forvaltningsrettslege forhold.
  • Erfaring med rettleiing og oppfølging av menneske.
  • Gode digitale ferdigheiter og evne til å setje seg inn i nye system.
  • Krav om norskkunnskapar på minimum nivå B2, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • God evne til fagleg refleksjon og dokumentasjon.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og trivsel i avdelinga.
  • Gode samarbeidsevner og evner til å møte menneske i ulike livssituasjoner på en profesjonell og respektfull måte.
  • Evne til å handtere sensitive situasjonar med empati og integritet.
  • Strukturert, løysingsorientert og omstillingsdyktig.
  • Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team.

Vi tilbyr

  • Grundig opplæring i relevant system og arbeidsoppgåver.
  • Spennande og varierte utfordringar i ei viktig samfunnsrolle.
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.
  • Løn etter kommunal tariff og gode pensjonsordninger.
  • Ryddige arbeidsforhold i ei utviklingsorientert avdeling.

Kontaktinformasjon

Gjermund Veka, Tenesteleiar Bustad, +47 90601142

Arbeidsstad

Gate 1 225
6700 Måløy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 5209930660
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Søknadsfrist: 06.12.2026

Kontaktperson for stillingen

Gjermund Veka

Tenesteleiar Bustad

+47 90601142

Om bedriften

Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling.  Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.  I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cf165a6e-b67e-4f2b-bee7-c3c367361553

Sist endret

18. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

fb6e4658aa624eed9ca254d88e8538b8

Lignende annonser

Laster lignende annonser