Lærar innan Bygg og anleggsfaga
OPK-FV - Fagskulen Vestland, Vestland fylkeskommune
5005 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Lærar innan Bygg og anleggsfaga
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
Med over 2100 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største offentlege fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø.
Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar.
Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
Fagskulen Vestland, studiestad Nordnes, treng lærar innan bygg og anleggsfag. Bygg og anleggsutdanninga er ei utdanning med lange tradisjonar og er særs populær blant studentar med fag og sveinebrev innan dei ulike byggfaga. Avdelinga har eit utviklings orienter og triveleg arbeidsmiljø. Studia er både heiltid og nettbasert med samlingar og går over 2 til 3 skuleår. Utdanninga er i hovudsak lokalisert til Bergen og Nordnes, men stillinga vil også krevje at ein underviser enkelte dagar på Voss ved anleggslinja. Til saman er det over 400 studentar ved utdanningane og 25 tilsette.
Arbeidsoppgåver
Bygg og anleggsutdanninga støttar seg på problembasert læring og arbeid med prosjekt. Så langt som mogeleg speglar vi prosjektretta arbeid i byggebransjen. Vi har ein brei samansett lærarprofesjon med lærarar som har lang praktisk erfaring frå bransjane eller lærarar med sivilingeniør utdanning og gjerne også erfaring frå bransjane. Vi jaktar deg med både sterk fagleg kompetanse, men som også er god på relasjoner og leiing av byggeprosesser. Houvedtyngda av arbeidet ditt vil vere retta mot studentane og bidra til at dei som kjem til oss vert gode prosjektleiarar og mellomleiarar.
- Undervise og rettleie fagskulestudentar
- Utvikle gode undervisningsopplegg og bidra i tverrfaglege prosjekt saman med dei andre faglærarane. Særskilt innan berekningsfag, konstruksjonslære, stål og betongkonstruksjonar.
- Utvikle gode arbeidskrav til studentane og vurdering av desse
- Halde deg oppdatert mot næringa og gjeldande forskrifter og standardar innan bygge og anleggsbransjen
Kvalifikasjonar
Det er ønskjeleg at du kan krysse av på nokon av desse punkta:
- Sivilingeniør, ingeniør eller fagskuleingeniør innan bygg og anleggsfag
- Gode kommunikasjonsevner
- Pedagogisk utdanning er ynskjeleg, men ikkje et krav. Det vert lagt til rette for å ta pedagogisk utdanning ved sidan av stillinga.
Personlege eigenskapar
- Du liker tanken på å vere lærar på fagskulen for ein gjeng med vaksne studentar med fagbrev og allsidig praksis.
- Du har eit ønske om å formidle kunnskap, og å utvikle deg fagleg saman med dyktige kollegaer og studentar.
- Du er engasjert og positiv, og legg til rett for variert undervisning.
- Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
- Du er opteken av faga si eigenart og verdien av praktiske yrker.
- Du ønsker å bidra til eit positivt arbeids- og læringsmiljø.
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
- Gode høve til eiga læring og utvikling.
- Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Kontaktinformasjon
Atle Østrem, avdelingsleiar, 41760955Torbjørn Mjelstad, rektor , 97142081
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5011002838
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Torbjørn Mjelstad
rektor
97142081
Atle Østrem
avdelingsleiar
41760955
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cefd1013-65c7-42f9-aa1a-ad957cb954fa
- Hentet fra
talentech
- Referanse
429940cb2faa47aabc11aaa8b230e8a5