Dekkssjef til sambandet Hareid - Sulesund?
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Hareid-Sulesund, 6060 Hareid
Om jobben
- Stillingstittel
- Dekkssjef i sambandet Hareid - Sulesund, p.t. MF Giskøy
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Skift
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 11. september
Arbeidstidsordning er 2 veker på/1 veke fri, 2 veker på/3 veker fri.
Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leiing. Du vil vere kapteinens stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir brei erfaring med manøvrering til og frå kai under utfordrande værforhold, stor trafikk og høgt tempo. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse i samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press - erfaringer som er nyttig i vidare arbeid til sjøs.
Søkar må bu lokalt.Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fridtid!
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling
- Vere avløysar for skipsførar
- Oppdatere og halde vedlike vedlikehaldssystem for dekk
- Teknisk og operativ tryggleik, inkludert vedlikehald og beredskap
- Sikring av personleg tryggleik for både mannskap og passasjerar
- Utføring av oppgåver i samsvar med gjeldande stillingsinstruks
Kvalifikasjonar
- Minimum D3-sertifikat
- ROC/GMDSS - sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein dyktig dekkssjef med forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevande situasjoner, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Gode velferdsordningar; som muligheit for å leige hytter/ leilegheiter, behandlingsforsikrning, støtte til trening og gode rabattordningar.
- Skiftordning: 2 veker på, 1 veke fri, 2 veker på og 3 veker fri.
Kontaktinformasjon
Sigrunn Hellebust, Rekkrutteringsmedarbeider, sigrunn.hellebust@fjord1.noArbeidsstad
Hareid-Sulesund6060
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5171804419
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ce9c9643-fca1-4357-8470-3a08353412cc
- Sist endret
27. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
501449d382274d16bdb73f6b7f94e4f3