Førstekonsulent/seniorkonsulent i dokumentasjons- og informasjonsforvaltning
OsloMet - storbyuniversitetet
0167 Oslo
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med 23 000 studentar og over 2600 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.
Vil du jobbe med informasjons- og dokumentasjonsforvaltning ved OsloMet?
Seksjon for dokumentasjons- og informasjonsforvaltning (SDI) har no eit ledig vikariat som førstekonsulent/seniorkonsulent. Vikariatet har ei varigheit på eitt år, med moglegheit for forlenging.
Seksjonen sitt ansvar er å ta vare på og utvikle OsloMet si dokumentasjons- og informasjonsforvaltning. Dette gjer vi i tett dialog med resten av organisasjonen, slik at dei tilsette opplever SDI som ein ressurs som støttar opp om OsloMet sine arbeidsprosessar og tenester. Som medarbeidar i SDI vil du spele ei sentral rolle i å sikre at dokumentasjonskrava blir ivaretekne i samsvar med aktuelle lovkrav og moglegheiter.
SDI er organisert under Divisjon for organisasjon og infrastruktur, Avdeling for IKT. Seksjonen har i dag ein seksjonssjef og åtte engasjerte og dyktige medarbeidarar.
Dine arbeidsoppgåver vil i hovudsak vere
- å handtere postmottak og andre innkomande førespurnader
- å delta i løpande journalføring og kvalitetssikring i sakshandsamings- og arkivsystemet Public 360
- å gi brukarstøtte og opplæring til saksarbeidarar og leiarar
Du må ha
- arkivfagleg erfaring innan informasjons- og dokumentasjonsforvaltning i offentleg sektor
- erfaring i bruk av sak- og arkivsystemet Public 360 eller tilsvarande system
- erfaring med opplæring og brukarstøtte
- kjennskap til relevant lovverk, inkludert arkivlova med forskrifter, offentleglova, forvaltningslova og reglar om teieplikt og sensitive personopplysningar
- utdanning frå høgskule eller universitet. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Det er ein fordel om du har
Vi ynskjer en medarbeidar som
- er pliktoppfyllande og har høg integritet i arbeidet
- har gode kommunikasjons- og formidlingsevner
- kan jobbe sjølvstendig, har god gjennomføringsevne og er strukturert
- har gode samarbeidsevner og er opptatt av å dele kompetanse og erfaringar med kollegaer
- har evne til å samarbeide og kommunisere på tvers av ulike fagmiljø
At du er personleg eigna for stillinga vil bli tillagt vekt.
OsloMet ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi jobbar aktivt for å vere ein inkluderande arbeidsplass og legg til rette for tilsette som har behov for særskild tilrettelegging. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring, ønskjer vi deg òg velkomen som søkjar.
Vi tilbyr
- ei spennande stilling ved Noregs tredje største og mest urbane universitet
- moglegheiter for fagleg utvikling
- pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
- fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
Vi handterer berre søknader sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Du må laste opp attestar og alle sider av vitnemål. Dokumenta må vere på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Eventuelle omsetjingar må vere autoriserte. Du må vise fram originaldokumenta ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører dokumentkontroll for å sikre ei rettferdig vurdering av alle søkjarar.
Andre opplysningar
Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakte:
Stillinga blir lønt i samsvar med Hovudtariffavtalane i staten og OsloMets lønnspolitikk i stillingskode 1408 førstekonsulent eller 1363 seniorkonsulent, med ei årsløn på kr 500 000 – 575 400, avhengig av kvalifikasjonar. Vi kan vurdere høgare løn for særleg kvalifiserte søkjarar. Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens Pensjonskasse.
Du som søkjar kan med heimel i Offentleglova bli publisert på søkjarlista sjølv om du har bede om at søknaden blir handtert konfidensielt. Dersom det skjer vil du bli varsla før publisering.
Vil du søkje på stillinga må du søkje elektronisk i rekrutteringssystemet vårt.
Søknadsfrist: 21. september 2025
Ref.: 25/14548
Kontaktperson for stillingen
Ann Christin Fagerheim Arnesen
Seksjonssjef
67237254
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ce58f12d-1447-42c7-8690-45a05bbaf5db
- Hentet fra
varbi
- Referanse
854464