Kommunikasjonsrådgivar, vikariat
Kommunikasjon, Helse Fonna HF
Karmsundgaten 120, 5528 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgivar
Oppstart
1. oktober 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. september
Har du lyst på tidenes kommunikasjonserfaring? Vi treng vikar i kommunikasjonsavdelinga vår det neste halvåret.
Under er det meir om oss, og meir om det vi treng. Kanskje er det litt overveldande, men føler du at dette er noko som pirrar interessa oppfordrar vi deg til å søkje, uansett kort eller lang erfaring.
Kvifor jobbe med helsekommunikasjon?
Helse er det som ligg oss alle nærast. Helse skaper engasjement og eit ufatteleg stort behov for informasjon. Du kjem tett på folk og, kanskje utan å tenkje på det, kan du gjere ein forskjell i livet deira.
Det gjer det å jobbe med helsekommunikasjon – eit ord som vi har funne på – og som er utruleg spennande, krevjande, variert, full fart, omfattande og faktisk skikkeleg kjekt
Helse Fonna skal gi spesialisthelsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Her er 4500 kollegaer på fire sjukehus, DPS, BUP, ambulansar og meir. Kommunikasjonsavdelinga består av kommunikasjonssjef og tre kommunikasjonsrådgivarar. Vi har også eit tett og godt samarbeid både regionalt på Vestlandet, men også nasjonalt.
Kort sagt, her er det nærast uendeleg med oppgåver å løyse. Difor treng vi litt hjelp av deg og ditt kommunikasjonshovud dei næraste månadane.
Kven søkjer vi?
Du er nysgjerrig, du har pågangsmot, du kan jobbe sjølvstendig, du er ikkje redd for ta i eit tak – og gjerne eit til. Du kan setje deg raskt inn i vidt forskjellige problemstillingar og finne løysingar. Du vil også møte problemstillingar som kan krevje refleksjon om kva som er riktig å gjere. Men slapp av, vi er eit lag og hjelper kvar andre.
Du har gjerne bakgrunn og erfaring frå kommunikasjon eller media. Du kan produsere innhald til våre flater, tenke målgruppe og kva du vil skal skje med det du kommuniserer. Vi treng også å nå yngre målgrupper og det er eit pluss om du kan hjelpe oss med det.
Hos oss har vi krav til bruk av nynorsk, universell utforming, personvern, vi har våre kommunikasjonsprinsipp og linjer vi følgjer. Vi forventar ikkje at du er ein resar på alt dette, men forventar at du vil lære og bruker dei.
- Jobbe internt med innhald på intranett
- Oppdatere nettsider
- Vere med å planlegge og setje i gang kampanjar
- Kreative prosessar for rekruttering, sosiale media og meir
- Produsere nyheiter når det er aktuelt
- Og som du skjøner frå teksten over, det er masse anna du kan få prøve deg på
Kvalifikasjonar
- Du har utdanning eller erfaring innan kommunikasjon, media eller anna relevant bakgrunn
- Du kan bruke nynorsk
- Du har erfaring med foto og eventuelt enkel video
- Du har god generell datakunnskap og kan bruke program for medieproduksjon
Kvifor skal du velje oss?
- Du får ein meiningsfullj obb med rom for å påverke
- Eit lite, samansveisa team - og eit stort fagfellesskap i Helse Vest
- Ein meiningsfull jobb med rom for å påverke
- Fagleg og personleg utvikling
- Ein triveleg arbeidsplass med velferdslag
Kontaktinformasjon
Eirik Dankel, Rådgiver, 52 73 20 13, eirik.dankel@helse-fonna.noMagne Kydland, Kommunikasjonssjef
Arbeidsstad
Karmsundgaten 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5009403100
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.10.2025
Sluttdato: 31.03.2026
Søknadsfrist: 14.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Magne Kydland
Kommunikasjonssjef
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ce125f62-9f52-463e-b082-05118c1fc4dd
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fb03445142ac4990b15d995f5e4bbf3a