Stipendiat i atmosfærefysikk
Universitetet i Bergen
Allégaten 70, 5007 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Stipendiat i atmosfærefysikk
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Engelsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 12. oktober
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat
Ved Geofysisk Institutt (GFI) og Bjerknessenteret for klimaforskning er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i atmosfærefysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til prosjektet «Reaching AI Projections Trustworthy for Unseen Rainfall Extremes (RAPTURE)», finansiert av eit Starting Grant frå Det europeiske forskingsrådet (ERC).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Korleis kan me simulera eigenskapar og farar ved ekstrem nedbør under tilhøve me aldri har observert, på ein truverdig måte? RAPTURE er eit femårsprosjekt som fokuserer på dette spørsmålet, som ligg i kjernen av forståinga av flaumkatastrofar i ei stadig varmare og våtare verd. RAPTURE samlar høgoppløyselege fysiske simuleringar, maskinlæringsbaserte klimaemulatorar og nye perspektiv på dynamikken i ver og klima for å forstå i) kva noverande simuleringar av ekstrem nedbør allereie fangar opp påliteleg, ii) kvar dei treng å betrast, og iii) korleis dei kan betrast. Å arbeida som del av RAPTURE vil gi kompetanse innan dynamisk meteorologi, maskinlæring for jordsystemet og klimarisikoforsking, med høve til å delta i europeisk forskingssamarbeid.
Den som vert tilsett vil arbeida med nokre av dei mest høgoppløyselege regionale klimasimuleringane som til no er produserte, og undersøkje kva som forårsakar ekstrem nedbør lokalt, kor godt desse prosessane er representerte i simuleringane, og korleis dei er venta å endra seg i framtida. Ein vil òg undersøkja om fysisk funderte og maskinlæringsbaserte klimaprojeksjonar gjev same bilete – og om ikkje, kvifor ikkje? Den som vert tilsett vil skriva vitskapelege publikasjonar, ha høve til å delta på og presentera på internasjonale workshopar, konferansar og sommarskular, og vil utvikla sterke tekniske kvalifikasjonar til støtte for framtidige karriereambisjonar i akademia eller industri.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysikk, meteorologi, matematikk, datavitskap eller eit relatert fagområde, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Gode matematiske og kvantitative ferdigheiter er eit krav.
- Erfaring og/eller sterk interesse for meteorologi er ein fordel.
- Dokumenterte ferdigheiter i vitskapleg programmering, til dømes i Python, er ein fordel.
- Dokumenterte ferdigheiter i geospatial dataanalyse er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi kan tilby
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
Eit søknadsbrev som inneheld:
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane
(Merknad: Generativ KI vil ikkje bli nytta til å vurdera søknadane, og det forventast at søknadsbrevet likeins er utarbeidd utan bruk av generativ KI).
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid du meiner er relevante for å dokumentera tidlegare fagleg produksjon og ditt potensial. Dette inkluderer publiserte artiklar eller andre bidrag, mellom anna open tilgjengelege innsendte manuskript, bidrag til vitskapleg programvare, organisering av konferansar eller workshopar, eller vitskapskommunikasjonsaktivitetar.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Dr. Joshua Oldham-Dorrington, Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen, joshua.dorrington@uib.no, eller instituttleder Tor Eldevik, Geofysisk institutt Tor.Eldevik@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Magnus Larsen, e-post: magnus.larsen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, økonomisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cd7ee854-4d1d-491a-8b5d-56b3766c87ed
- Sist endret
3. september 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10307845