Sjukepleiar - 100 % fast hos Fusa bu- og behandlingssenter
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Leitet 28, 5640 Eikelandsosen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 8. september
Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette medarbeidaren for oss! Som sjukepleier hos skal du være med å bidra til å utvikle tenestetilbodet i tråd med gjeldande lovverk, eininga/avdelinga og kommunen sin visjon/misjon og verdisyn.
Fusa bu og behandlingssenter søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig sjukepleiar til ei fast 100 % stilling. Stillinga er lagt til ressursbemanningsteamet, noko som gir deg varierte arbeidsoppgåver og høve til å jobbe på fleire avdelingar etter behov. Ein får moglegheit til å jobbe tverrfagleg med andre arbeidsgrupper som fysio, lege og helsefagarbeidarar. I første omgang vil du tre inn i eit vikariat for ein sjukepleiar som er i foreldrepermisjon. Stilinga er i turnus etter gjeldande turnusavtale. Det er mogleg å få gå i redusert stilling om ønskeleg.
Vi ser etter deg som trivst med nye utfordringar, har gode samarbeidsevner og ønskjer å bidra til eit trygt og godt miljø for bebuarane våre.
Arbeidsstad
Fusa Bu- og behandlingssenter (FBBS) avd. Miljø
FBBS er ein heildøgnsinstitusjon som ligg sentralt i Eikelandsosen, Bjørnafjorden kommune. FBBS består av ei langtidsavdeling for personar med demens (avd Miljø), ei langtidsavdeling for somatikk (avd Bu) og ei korttids/rehabiliteringsavdeling, som også har tilknytt 1 ØHD- plass. Vi har i tillegg eige produksjonskjøkken og vaskeri.
Den nydeleg utsikta over fjorden, ein flott sansehage og dyktige kollegaer setter rammer for eit godt arbeidsmiljø og gjer dette til ei spennande og utfordrande arbeidsplass
Arbeidsoppgåver- Behandlande sjukepleietiltak overfor akutt eller kronisk sjukdomà kliniske vurderingar, pleie, hygieniske, avlastande eller mobiliserande tiltak, samt assistanse ved medisinsk behandling eller undersøking
- Undervisning retta mot anna helsepersonell i høve til medisinske prosedyrar, legemiddelhandsaming osb. Drive forbetringsarbeid og vidareutvikle tenestene
- Bidra til å sikre forsvarleg sjukepleiekompetanse i heile eininga. Det vil seie bidra til å planlegg, koordinere og utfør sjukepleietiltak i andre avdelingar ,samt kritisk vurdere effekten av sjukepleie og behandling
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Du må ha eit fagleg engasjement og interesse for eldreomsorg
- Kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar- Løysningsorientert med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er fleksibel, serviceinnstilt, lojal og pliktoppfyllande
- Gode evner til observasjon og dokumentasjon
- God evne til etisk refleksjon over eigen praksis
- Bidra til godt arbeidsmiljø
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Gode kollegaer
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cd6bd54e-93ad-4595-8b68-f28726e407c1
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3436615_196061_nn