Psykologspesialist
Divisjon psykisk helsevern / Kronstad distriktspsykiatriske senter /Kronstad psykosebehandling / Helse Bergen HF
Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Psykologspesialist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 30. september
Poliklinikken har eit godt, veletablert og fagleg sterkt arbeidsmiljø. Vi har no ledig ein fast 100 % stilling, og søkjer etter ein psykologspesialist i klinisk vaksenpsykologi med vedtakskompetanse etter psykisk helsevernslova, som vil vere med på å vareta og vidareutvikle tilbodet til pasientgruppa.
Psykosepoliklinikken er ein del av eit framoverlent og innovativt fagmiljø som arbeider etter FACT-modellen (Flexible Assertive Community Treatment). Vi har både poliklinisk og oppsøkjande behandling av pasientar. I kritiske fasar kan eit FACT-team tilby tettare oppfølging for å kunne førebyggje kriser, hindre at pasienten må innleggjast og bidra til å stabilisere ein vanskeleg situasjon. Poliklinikken vår legg stor vekt på tverrfaglegheit og samarbeid, og vi er stolte av å ha eit team beståande av psykologspesialistar, psykiatrar, psykologar, sjukepleiarar, sosionomar, ergoterapeut, brukarspesialistar, merkantil og IPS. Saman jobbar vi for å tilby heilskaplege og individuelt tilpassa tenester til pasientane våre.
Som psykologspesialist vil du ha ei sentral rolle i teamet, med ansvar for diagnostisering, behandling og oppfølging av pasientar med psykoseproblematikk. Du vil bidra med den faglege kompetansen din i tverrfaglege teammøte, og jobbe tett med både pasientar og pårørande deira for å sikre best mogleg behandlingsresultat.
Ta gjerne kontakt for meir informasjon om stillinga.
Arbeidsoppgaver
- Poliklinisk og ambulant, oppsøkjande behandling og rehabiliteringsarbeid av vaksne pasientar med alvorleg psykisk liding
- Klinisk utgreiing og behandling av pasientar med psykoseproblematikk
- Arbeid i tverrfagleg team etter FACT-modellen
- Delta i og bidra til tverrfaglege teammøte og behandlingsplanar
- Veiledning og fagleg støtte til kollegaer i teamet
- Samarbeid med andre aktørar i helsevesenet og kommunale tenester for å sikre heilskapleg pasientoppfølging
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist i klinisk vaksenpsykologi
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Brei klinisk erfaring frå psykiatri/rus og arbeid med målgruppa i spesialisthelsetenesta og/eller det kommunale tenesteapparatet
- Interesse for og erfaring med tverrfagleg samarbeid
- Førerkort klasse B
- Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarsande
Personlege eigenskapar
- Du er motivert, fleksibel, initiativrik, interessert og har respekt og engasjement for pasientar med psykoseliding
- Du er tilpassingsdyktig, løysingsorientert og taklar stressande situasjonar med tryggleik, ro og fagleg haldning
- Du har gode evner til kontaktetablering, har tolmod og evne til å jobbe langsiktig
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø, har omsorg for deg sjølv og for andre
- God munnleg og skriftleg framstillingevne
- Det vil bli lagt stor vekt på at søkjar er personleg skikka til stillinga
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande arbeidskvardag i eit fagleg sterkt og tverrfagleg miljø
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Eit arbeidsmiljø fylt av arbeidsglede, humor og sterke fagmiljø – med kollegaer som støttar, engasjerer og løftar kvarandre i kvardagen
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Kontaktinformasjon
Sindre Nordaker, Psykologspesialist, 46852978Leila Hodali, Overlege, 55956000
Mette Totland Håheim, Seksjonsleiar, 92444910, mette.totland.haheim@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5012015804
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Leila Hodali
Overlege
55956000
Sindre Nordaker
Psykologspesialist
46852978
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cd2dd368-a544-4e18-8700-d7520f785666
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ebcca8826d5c4564b2c4e781d28fcbff