Hopp til innhold

Reinhaldar 100 % fast stilling

Arbeidsgiver

Hjelmeland kommune Renhold

Sted

Vågavegen 115, 4130 Hjelmeland

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. november

Likar du å jobbe med reinhald og bidra til reine og trivelege omgjevnader? Er du nøye og opptatt av å gjere ein god jobb? Då kan det vere deg me ser etter!
Me har ledig ei 100 % fast stilling som reinhaldar og søkjer deg som er dyktig, engasjert og pliktoppfyllande, og som ønskjer å bidra til reine og gode arbeids- og opphaldsmiljø.

Ansvar og arbeidsoppgåver
- generelt reinhald av kommunale bygg, men du vil for tida ha fast oppmøteplass på Fister skule og Fister barnehage

Kvalifikasjonar og vilkår
- fagbrev som reinhaldsoperatør er eit ønskje, men ikkje eit krav
- førarkort klasse B er ønskjeleg
- nivå A1 for norsk skriftleg og nivå B1 for norsk munnleg 

Me søkjer etter ein person som
- har gode samarbeidsevner
- har høyt arbeidstempo
- er fleksibel
- har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Personleg eigenskap og erfaring vil bli vektlagt ved tilsetting. 

Me kan tilby
- triveleg arbeidsmiljø
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- bedriftskunsforening
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette


I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel. 

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside. 

 Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.

 
Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Elin Kvame Jansen

40439139

postmottak@hjelmeland.kommune.no

Om bedriften

Tenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6c10f954-3e96-459c-a209-76e82af80b34

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cd1d98c5-0a74-48cf-a1ec-cd36c64893cc

Sist endret

26. oktober 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3639321_241051_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser