Rådgjevar/seniorrådgjevar - systemforvaltar Nødvarsel på mobil i Sivilforsvaret
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
3115 Tønsberg, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 13. oktober
Sivilforsvaret søkjer ein dedikert og løysingsorientert rådgjevar/seniorrådgjevar med høg teknisk forståing til å forvalte Nødvarsel på mobil i Sivilforsvaret. Du vil ha ansvar for forvaltning, utvikling og opplæring knytt til systemet.
Du vil ha ansvar for:
Kvalifikasjonar
Du må ha:
Vi ønskjer at du har:
Vilkår
Fast stilling som rådgjevar (stillingskode 1434) med årsløn frå kr 630 000 – 700 000, eller som seniorrådgjevar (stillingskode 1364) med årsløn frå kr 680 000 – 780 000.
Tryggleiksklarering
Den som får tilbod om stilling, må vere tryggleiksklarert til nivå HEMMELEG før tiltreding.
Om Sivilforsvaret og stillinga
Sivilforsvaret er ein uniformert etat underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og vert leia av Sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvaret består i fredstid av 8000 tenestepliktige mannskap som er fordelt på 20 sivilforsvarsdistrikt, som kvar leiast av ein distriktssjef. Sentralt nivå er organisert gjennom Sivilforsvarsavdelinga som består av to seksjonar og eit økonomi- og styringssekretariat leia av assisterande sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvarets hovudoppdrag er å beskytte befolkninga i krise og krig. Sivilforsvaret har mynde og ansvar for ei rekkje sivile beskyttelsestiltak. I fredstid skal Sivilforsvaret sørge for at det blir oppretthaldt god beredskap i heile landet og vera forsterkningsressurs når naudetatane og andre styremakter treng ekstra ressursar. Sivilforsvaret er organisert med lokale, regionale og nasjonale innsatsstyrker beståande av tenestepliktige mannskap og befal. Eit eige kompetansesenter har ansvaret for utdanning og opplæring. Det er totalt ca. 230 tilsette i Sivilforsvaret, fordelt på distrikta og Sivilforsvarsavdelinga. Den viktigaste ressursen er dei tenestepliktige som blir kalla ut til innsats i ulike oppdrag frå nord til sør. Sivilforsvaret bidreg også internasjonalt med ulike kapasitetar.
Seksjon for beredskap er ein travel seksjon med brei portefølje. Vi har nasjonalt ansvar for forvaltning og vidareutvikling av Sivilforsvaret si operative evne i fred, krise og krig. Dette omfattar mellom anna nasjonalt fagansvar for dei sivile vernetiltaka befolkningsvarsling, evakuering og tilfluktsrom. Seksjonen har òg fagansvar innan beredskap og krisehandtering i Sivilforsvaret, planlegging, gjennomføring og evaluering av beredskapsøvingar, arbeid med Sivilforsvaret sitt beredskapsplanverk og forvaltning av nokre av Sivilforsvaret sine digitale verktøy. Ved kriser og hendingar har vi ei rekkje oppgåver i Sivilforsvaret si krisehandtering på sentralt nivå. I tillegg til dei nasjonale oppgåvene har seksjonen ansvar for dagleg forvaltning av DSB sine internasjonale humanitære beredskapskapasitetar og for å ivareta operasjonsleiing ved internasjonale innsatsar der DSB bidreg med personell og materiell frå desse kapasitetane.
Den nye medarbeidaren i seksjonen vil ha hovudportefølje innanfor fagområdet befolkningsvarsling. Den som blir tilsett må likevel vere budd på å bidra innanfor andre område av seksjonen si samla portefølje, særleg innanfor befolkningsvarsling, digitale system og kommunikasjon.
Nødvarsel på mobil er etablert som nasjonalt system for varsling av befolkninga ved alvorlege hendingar i fred, krise og krig. Politiet har hovudansvar for befolkningsvarsling ved hendingar i fredstid, medan Sivilforsvaret har ansvar for befolkningsvarsling i krig. Ved behov for å varsle befolkninga i krig, vil Sivilforsvaret sine tyfonanlegg og Nødvarsel på mobil bli brukt. Meir informasjon om Nødvarsel på mobil finn du her: https://www.nodvarsel.no/
Les meir om Sivilforsvaret og dei ulike distrikta på www.sivilforsvaret.no
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 700 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsprdningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen/sikkerhet-i-dsb
Hos oss får du
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. For alle stillingar som ikkje krev tryggleiksklarering, vil DSB gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR. Les meir om rekrutteringsprosessen i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er:
seksjonssjef Beredskap:| e-post mona.brygard@dsb.no | telefon 33 41 29 15
Du finn meir informasjon om å jobbe i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb og ein oppdatert oversikt over utlyste stillingar finn du alltid på jobb.dsb.no/search
Velkomen som søkjar hos oss!
Du vil ha ansvar for:
- teknisk forvaltning av Nødvarsel på mobil i Sivilforsvaret
- utvikle og ta vare på brukarstøtte og opplæring for tilsette som brukar systemet
- ta vare på kontakt med systemleverandør, mellom anna ved endringar og feil
- implementere nye funksjonar og tilpasse bruk ved systemutvikling
- utvikle og vedlikehalde avtalar, rutinar og prosedyrar
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- relevant mastergrad, helst innan informasjonsteknologi eller tilsvarande. Bachelorgrad saman med særleg relevant kompetanse kan kompensere for kravet til mastergrad. Utdanning frå utlandet må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
- god digital kompetanse
- kompetanse innan systemforvaltning
- god forståing for samspelet mellom teknologi og operativ bruk av system
- evne til å kommunisere godt med både tekniske og ikkje-tekniske aktørar
- følgjande personlege eigenskapar:
- heilskapleg tilnærming og arbeidsform
- serviceinnstilt og løysingsorientert
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- strukturert og sjølvstendig
Vi ønskjer at du har:
- erfaring frå arbeid med systemforvaltning
- erfaring frå arbeid i offentleg forvaltning
- kompetanse innan samfunnstryggleik og beredskap
- erfaring med opplæring, dokumentasjon og brukarstøtte
Vilkår
Fast stilling som rådgjevar (stillingskode 1434) med årsløn frå kr 630 000 – 700 000, eller som seniorrådgjevar (stillingskode 1364) med årsløn frå kr 680 000 – 780 000.
Tryggleiksklarering
Den som får tilbod om stilling, må vere tryggleiksklarert til nivå HEMMELEG før tiltreding.
Om Sivilforsvaret og stillinga
Sivilforsvaret er ein uniformert etat underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og vert leia av Sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvaret består i fredstid av 8000 tenestepliktige mannskap som er fordelt på 20 sivilforsvarsdistrikt, som kvar leiast av ein distriktssjef. Sentralt nivå er organisert gjennom Sivilforsvarsavdelinga som består av to seksjonar og eit økonomi- og styringssekretariat leia av assisterande sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvarets hovudoppdrag er å beskytte befolkninga i krise og krig. Sivilforsvaret har mynde og ansvar for ei rekkje sivile beskyttelsestiltak. I fredstid skal Sivilforsvaret sørge for at det blir oppretthaldt god beredskap i heile landet og vera forsterkningsressurs når naudetatane og andre styremakter treng ekstra ressursar. Sivilforsvaret er organisert med lokale, regionale og nasjonale innsatsstyrker beståande av tenestepliktige mannskap og befal. Eit eige kompetansesenter har ansvaret for utdanning og opplæring. Det er totalt ca. 230 tilsette i Sivilforsvaret, fordelt på distrikta og Sivilforsvarsavdelinga. Den viktigaste ressursen er dei tenestepliktige som blir kalla ut til innsats i ulike oppdrag frå nord til sør. Sivilforsvaret bidreg også internasjonalt med ulike kapasitetar.
Seksjon for beredskap er ein travel seksjon med brei portefølje. Vi har nasjonalt ansvar for forvaltning og vidareutvikling av Sivilforsvaret si operative evne i fred, krise og krig. Dette omfattar mellom anna nasjonalt fagansvar for dei sivile vernetiltaka befolkningsvarsling, evakuering og tilfluktsrom. Seksjonen har òg fagansvar innan beredskap og krisehandtering i Sivilforsvaret, planlegging, gjennomføring og evaluering av beredskapsøvingar, arbeid med Sivilforsvaret sitt beredskapsplanverk og forvaltning av nokre av Sivilforsvaret sine digitale verktøy. Ved kriser og hendingar har vi ei rekkje oppgåver i Sivilforsvaret si krisehandtering på sentralt nivå. I tillegg til dei nasjonale oppgåvene har seksjonen ansvar for dagleg forvaltning av DSB sine internasjonale humanitære beredskapskapasitetar og for å ivareta operasjonsleiing ved internasjonale innsatsar der DSB bidreg med personell og materiell frå desse kapasitetane.
Den nye medarbeidaren i seksjonen vil ha hovudportefølje innanfor fagområdet befolkningsvarsling. Den som blir tilsett må likevel vere budd på å bidra innanfor andre område av seksjonen si samla portefølje, særleg innanfor befolkningsvarsling, digitale system og kommunikasjon.
Nødvarsel på mobil er etablert som nasjonalt system for varsling av befolkninga ved alvorlege hendingar i fred, krise og krig. Politiet har hovudansvar for befolkningsvarsling ved hendingar i fredstid, medan Sivilforsvaret har ansvar for befolkningsvarsling i krig. Ved behov for å varsle befolkninga i krig, vil Sivilforsvaret sine tyfonanlegg og Nødvarsel på mobil bli brukt. Meir informasjon om Nødvarsel på mobil finn du her: https://www.nodvarsel.no/
Les meir om Sivilforsvaret og dei ulike distrikta på www.sivilforsvaret.no
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 700 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsprdningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen/sikkerhet-i-dsb
Hos oss får du
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no/Medlemskap-i-SPK/
- fleksibel arbeidstid
- bedriftshelseteneste
- høve til å trene i arbeidstida
- tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. For alle stillingar som ikkje krev tryggleiksklarering, vil DSB gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR. Les meir om rekrutteringsprosessen i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er:
seksjonssjef Beredskap:| e-post mona.brygard@dsb.no | telefon 33 41 29 15
Du finn meir informasjon om å jobbe i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb og ein oppdatert oversikt over utlyste stillingar finn du alltid på jobb.dsb.no/search
Velkomen som søkjar hos oss!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ccd101cb-2379-4d21-9198-51647f5bcf25
- Hentet fra
sap
- Referanse
1318 1810VETR BER nødvarsel