Hopp til innhold

Studentambassadør ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Allegaten 41, 5006 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Studentambassadør ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 13. september

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Studentambassadør ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi, UiB

For å vise fram dei spennande studieprogramma, studentlivet og det gode studiemiljøet på NT-fakultetet ved UiB, ser fakultetet etter studentambassadørar til å jobbe med innhaldsproduksjon til sosiale medier, foto/video, arrangement og kommunikasjon til målgruppa.

Vi søker etter mellom 6 til 9 studentambassadørar som kan støtte opp om arbeidet med å synleggjere studietilbodet og studentkvardagen for potensielle søkarar til realfaga ved UiB.

Du treng ikkje å ha studert lenge ved UiB for å søke, og vi oppfordrar 1.årsstudenter spesielt til å søke. 

Stillingane som studentambassadørar er midlertidig deltidsstillingar i 15 % (ca. 6 timer per veke) med eit års varigheit og oppstart i oktober 2026.  Arbeidsmengda vil variere gjennom året, og det vil vere mogleg, og forventa at du arbeidar ekstra i samband med arrangement, viktige hendingar, fristar eller anna.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og produsere innhald til sosiale medium, som Instagram, Tiktok og Snapchat
  • Ta foto og video til bruk i sosiale medium og/eller nettsider
  • Representere NT-fakultetet og UiB i ulike settingar slik som skulebesøk, arrangement og andre kommunikasjonsoppgåver
  • Andre arbeidsoppgåver slik som møtevirksomhet, videoinnspelingar, workshops og innhaldsarbeid

For å vere aktuell for stillinga, må du oppfylle følgande krav

  • Du har kjennskap til studieprogramma vi tilbyr på NT-fakultetet ved UiB 
  • Du har god formidlingsevne, trivst med kreativt arbeid og har ein del erfaring med sosiale medium
  • Du liker å skrive, ta bilete, film og klippe innhald til sosiale medium
  • Du kan arbeide sjølvstendig, strukturert og er god til å planlegge
  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og tør å tenke nytt og annleis
  • Du må ha studierett og være student ved NT-fakultetet, UiB
  • Du snakkar flytande norsk og har god evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk 

Det er ein føremon for arbeidet, men ikkje eit krav, at du er engasjert i studentrelaterte aktivitetar, til dømes medlem av faglege, sosiale eller studentpolitiske organisasjonar og utval, mentorordninga eller har vore tilsett som kollokvieleiar/studentmedarbeidar. Det er og ein føremon om du følger med på trendar innan sosiale medium, og vet korleis du kan nytte denne innsikta. 

Ved vurdering av søkarane vil vi legge vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. 

Det er ein føresetnad for tilsetjing at stillingsinnehavar er ein aktiv student innanfor relevant fagområde ved det aktuelle instituttet.


Vi tilbyr

  • Løn som studentambassadør (fagkonsulent i stillingskode 0389) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 430 200 brutto ved 100 % stilling. 
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til: Ina Hilton, tlf.: 95 85 36 86, epost: ina.hilton@uib.no.

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Kontaktperson for stillingen

Ina Hilton

Seniorrådgiver - kommunikasjon

ina.hilton@uib.no

Om bedriften

Universitetet i Bergen er en anerkjent utdannings- og forskningsinstitusjon, organisert i syv fakulteter og rundt 54 institutter og faglige sentre. Campus ligger i sentrale deler av Bergen med universitetsområder på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. 

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av syv institutt og en rekke sentre. Les mer om fakultet og tilhørende institutt.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cc725d82-640b-46c0-a690-a2b5510640f4

Sist endret

21. august 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10306609

Lignende annonser

Laster lignende annonser