Journalist - 100 % fast stilling
Bø Blad As
Bøgata 69, 3800 Bø i Telemark, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Bø blad – lokalavis for Midt-Telemark har i dag ansvarleg redaktør og tre journalistar, og skal nå styrke redaksjonen. Me søkjer derfor ein allroundjournalist i 100 prosent fast stilling, som vil komme tett på ulike folk og miljø i lokalsamfunnet.
Stillingstittel
Journalist
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 10. april
Send søknad til
Hva vi ser etter
Me ser etter deg:• som er nysgjerrig, glad i menneske og likar å finne og formidle gode historier
• som er samfunnsorientert og interessert i det som skjer i nærmiljøet
• som kan like å jobbe i ein liten redaksjon, der me bryr oss, samarbeider tett, lærer av og heier på kvarandre
• som vil bidra til å gjere ein forskjell i folks liv gjennom lokalavisa sitt samfunnsoppdrag, og som kjenner til presseetikk og journalistiske metodar
Kvalifikasjonar:• Erfaring eller utdanning innan journalistikk er ein fordel, men ikkje eit krav
• Språksikker og stødig i norsk, glad i skriftleg formulering
• Må kunne formidle kompliserte tema på ein enkel måte
• Tar gode bilde og kan filme
• Kan ta i bruk ny teknologi og er interessert i nye måtar å fortelje på
• Er sjølvgåande, effektiv og kan jobbe raskt og nøyaktig under tidspress
• Må ha førarkort og disponere bil
Arbeidsoppgaver
Varierte arbeidsoppgåver, med kort veg frå idé til gjennomføring
Vi tilbyr
Hos oss får du:• Ein spennande arbeidsplass, der ingen dag er lik
• Fast stilling og stor innverknad på eigen arbeidskvardag
• Varierte arbeidsoppgåver, med kort veg frå idé til gjennomføring
• Eit inspirerande og trygt arbeidsmiljø der det er lov til å spørre, og hyggelege og engasjerte kollegaer
Arbeidstid vil normalt vere på dagtid, men du må rekne med kvelds- og helgearbeid i turnus. Oppstart: august-september 2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Bø blad er lokalavisa for Midt-Telemark, ein kommune i sterk vekst og utvikling, med rundt 11.000 innbyggjarar. Aktiviteten er stor på dei fleste område i kommunen, og det er mykje spennande som skjer. Bø blad blei etablert i 1986, og kjem ut ein gong i veka på papir og kvar dag på nett. Avisa er uavhengig og eig lokalavisa Kanalen på Ulefoss. Bø blad har eit opplag på 3009 (2024).
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2896471
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
cc3f72d3-dffa-450d-802a-e16cad331097