Vil du bidra til å ta vare på Stortingets dokumentasjon for no og for framtida?
Stortingsarkivet, Stortinget
Prinsens gate 26, 0157 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- førstekonsulent
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 10. august
Det er ledig eit vikariat til og med 31. juli 2028 innan dokumentasjons- og depotforvaltning i stortingsarkivet. Vi ser etter deg som er fagleg engasjert, nysgjerrig og motivert for å bidra i eit miljø med høg kompetanse og viktige samfunnsoppgåver.
Hos oss får du jobbe både med dagleg dokumentasjonsforvaltning og historisk materiale – i skjeringspunktet mellom tradisjonelt arkivarbeid og moderne digitale løysingar. Du vil samarbeide tett med kollegaer og vere ein viktig støttespelar for brukarane våre.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg dokumentasjonsforvaltning, som journalføring og kvalitetskontroll.
- Bistå i arbeidet med krav om innsyn i Stortingets dokumentasjon.
- Ordningsarbeid med Stortingets historiske dokumentasjon.
- Rettleiing innan området sakshandsaming og arkiv.
Kvalifikasjonar
- Bachelorgrad, fortrinnsvis innan arkiv- og informasjonsvitskap, dokumentasjonsforvaltning, informasjonsforvaltning og IT, eller tilsvarande.
- Kjennskap til MS365-applikasjonar.
- Kjennskap til regelverk og relevante standardar for informasjons- og dokumentasjonsforvaltning.
- Kjennskap til digitale arkiv- og dokumenthåndteringssystem.
- Gode kommunikasjonsevner.
Nyutdanna er velkomne til å søkje.
Personlige egenskaper
Vi ser etter deg som:
- er motivert og har god arbeidskapasitet.
- jobbar strukturert og analytisk.
- evner å samarbeide godt og byggjer gode relasjonar.
- evner å setje deg inn i og formidle faglege problemstillingar.
Vi tilbyr
Vi kan tilby ein spennande jobb i eit sterkt fagmiljø med eit viktig samfunnsoppdrag, tett på aktuelle hendingar og som betyr noko for heile landet. Vi har eit godt arbeidsmiljø med kollegaer som er rause med kvarandre, deler kompetanse på tvers og løfter kvarandre. Hos oss får du høve til å utvikle dokumentasjonsforvaltning i ei samfunnsviktig verksemd og du får du rammer som sikrar ein god balanse mellom jobb og fritid.
Stillinga blir lønt som rådgjevar / førstekonsulent, for tida i lønsspennet kroner 626 400- 678 500, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. Frå løna blir det trekt 2 % til innskot i Statens pensjonskasse. For stillinga gjeld seks månaders prøvetid.
Stortinget er oppteke av mangfald og ønskjer å vere ein arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte til å søkje jobb uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Det er mogleg å be om å bli unnateken frå denne søkarlista. Då må du grunngje kvifor du ønskjer dette, og vi tek deretter stilling til om ønsket kan innvilgast. Dersom vi ikkje kan gjere det, vil du høyre frå oss.
For meir informasjon om stillinga kan du gjerne ta kontakt med stortingsarkivar Egil Borlaug, telefon 975 83 241.
Du vil bli beden om å vise fram vitnemål/karakterutskrifter ved å gi oss tilgang til Vitnemålsportalen. Søknad, CV og attestar/vitnemål skal fortrinnsvis sendast elektronisk via denne sida «Søk stillinga» innan 10. august 2026. Attestar og vitnemål blir ikkje returnerte.
Her er lenkje til vår personvernerklæring. Personvernerklæringa gir deg informasjon om korleis Stortinget behandlar personopplysningane dine når du søkjer jobb hos oss.
Kontaktinformasjon
Egil Borlaug, stortingsarkivar, 975 83 241Arbeidssted
Prinsens gate 260157 Oslo
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: StortingetReferansenr.: 5148768901
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 10.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Egil Borlaug
stortingsarkivar
975 83 241
Om bedriften
Stortingets administrasjon har som formål å støtte den parlamentariske virksomheten og sørge for gode rammebetingelser for representantenes arbeid. Vi arbeider med å formidle kunnskap om folkestyret og Stortingets virksomhet, forvalte og sikre Stortingets verdier, og ivareta og fornye Stortinget som institusjon.
Stortingets administrasjon har rundt 520 medarbeidere og er organisert i 7 avdelinger.
Du kan lese mer om oss som arbeidsgiver og møte noen av våre medarbeidere på Jobb på Stortinget - stortinget.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cafe1d4f-cc3d-4d5f-8b95-f46aa537344d
- Sist endret
30. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b404f68040ea4274ad85ab68259bbfd4