Fast 100% stilling som barne- og ungdomsarbeidar
f.t. ved Kalvåg oppvekst, Bremanger kommune
Kleivavegen 13, 6729 Kalvåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. september
Kalvåg oppvekst er eit oppvekstsenter med barnehage og barneskule. Kalvåg barnehage er ein 2. avdelingsbarnehage. Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Barnehagen og skulen arbeider tett saman og har felles pedagogisk plattform. Vi har tilpassa og utvikla vår eigen metodikk i høve til PALS, og vi arbeider målretta i høve til språk og resultatleiing. Bremanger kommune arbeider og med satsinga ; «Inkluderande barnehage- og skulemiljø», og vi har valt INKLUDERANDE BARNEHAGAR som fokustema. Psykisk helse, mangfald og samarbeid med heimen er hovudtema i satsinga.
Frå 01.10.25 er det ledig ei fast 100% stilling som barne- og ungdomsarbeidar, for tida ved Kalvåg oppvekst.Arbeidsoppgåver
- Bidra til eit trygt og godt leike,- lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
- Bidra til eit godt samarbeid på oppvekstsenteret, og på tvers av andre tenester
- Bidra til kompetanseheving og nytenking
Kvalifikasjonar
- Godkjent fagbrev
- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
- Gode norsk-kunnskaper
Andre med relevant erfaring kan også søkje.
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
- Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
- Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
- Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar og motivere medarbeidarane dine
- Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag
Vi tilbyr
- Bremanger kommune har mange attraktive ordningar for nytilsette og tilflyttarar. Sjå alle ordningane her
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Kontaktinformasjon
Dag Magne Nigardsøy, Driftssjef, +47 959 82 985Arbeidsstad
Kleivavegen 136729 Kalvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5008237472
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Dag Magne Nigardsøy
Driftssjef
+47 959 82 985
Om bedriften
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.
Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet.
Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
caf70b8f-0ead-4d20-9976-0b3ee3012000
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f137c201efce465688d7e4ee1e1d1612