Ferievikarar Stråleterapeut
Kreftklinikken, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Ferievikarar Stråleterapeut
- Oppstart
- 22. juni 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. januar
Vi søker stråleterapeut-vikar i ferieperioden 2026, er du klar for sommer i Bergen?
Vi søker dyktige ferievikarar som vil bidra til kvalitet i behandling og pasientomsorg! Stråleterapiseksjonen er ein av åtte seksjonar i Kreftklinikken, og byr på meiningsfullt arbeid, faglege utfordringar og gode kollegaer.
Avdelinga er utstyrt med Varian behandlingsmaskinar; fire TrueBeam, ein Ethos og toHalcyon, brachyterapiutstyr frå Varian, ProBeam protongantry, to CT-maskinar (Phillips og Siemens) og ein 3T MR frå Siemens. Behandlingsmaskinane har overflateskanning frå Vision RT. Vi bruker Aria verifikasjonssystem og Eclipse og Raystation til doseplanlegging.
Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk har ansvar for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF, herunder stråleterapi og medikamentell kreftbehandling. Ved sidan av utgreiing og behandling av pasientar i samsvar med internasjonalt anerkjende opplegg, blir det arbeidd tverrfagleg med forbetring av eksisterande behandlingsmetodar og utvikling av nye tilbod. Vi har som målsetting å arbeide kunnskapsbasert.
Avdelinga har fleire aktive forskingsmiljø som driv på høgt internasjonalt nivå og held på med akkredidering som Comprehensive Cancer Center. Innan stråleterapi blir det lagt stor vekt på individtilpassa behandling. Avdelinga har topp moderne utstyr for stråleterapi og frå mai 2025 starta vi opp protonbehandling i nytt protonbygg. MRen driftas i samarbeid med Radiologisk avdeling.
Arbeidsoppgåver
- Stråleterapeutane arbeider på fleire modalitetar og andre arbeidsoppgåver knytt til seksjonen sitt virkeområde: fiksering og bildeopptak for behandlingsplanlegging på CT og MR, gjennomføring av strålebehandling, kvalitetskontroll, oppfølging av pasientar og pårørande, undervisning, praksisrettleiing, paisentlogistikk, forbetringsarbeid, forsking og fagutvikling
- Stråleterapeutane arbeider i team på dei ulike einingane, og samarbeider tett med lege, doseplanleggar, fysikar og andre faggrupper
- Arbeidet går føre seg hovudsak på dagtid, men den som blir tilsett må pårekne at vaktordningar på ettermiddag/kveld kan bli innført på midlertidig eller permanent basis. Vi har bakvaktordning på helg.
- Som ferievikar vil du primært arbeide med pasientbehandling på linac og anna forefallande arbeid.
Kvalifikasjonar
- Krav om norsk autorisasjon som radiograf
- Vidareutdanning i stråleterapi er ønskeleg, men ikkje eit krav i vikarstilling
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Personlege eigenskapar
- Som vikar ønsker vi deg som er aktiv og ansvarleg i å lære nye apparater og metoder, har fokus på pasientomsorg og kvalitet, er arbeidsam og som vil bidra til eit trygt og godt arbeidsmiljø.
- Vi er opptatt av at vi skal levere høg kvalitet i behandling og pasientomsorg, og vi forventar at våre stråleterapeutar yt sitt beste for pasientane og tar ansvar for eige arbeid. Kreftbehandling er teamarbeid, derfor er det viktig at du er ein teamarbeidar.
- Oppgi i søknaden når du kan jobbe i løpet av ferieperioden.
Vi tilbyr
- Ved stråleterapiseksjonen trivst dei tilsette fordi arbeidet er meiningsfylt og interessant, og det er heller inga ulempe med kollegaer som bryr seg om kvarandre. Du får opplæring og det er gode moglegheiter for å utvikle seg fagleg
- Opplæring
- For deg som er radiograf er eit vikariat ein fin moglegheit å få erfaring med stråleterapi - kanskje du vil ta vidareutdanning i stråleterapi?
- Tiltreding etter avtale
- Lønn etter overeinskomst og gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helga Gripsgård, Seksjonsleiar, 55972059, helga.gripsgard@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5055127775
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 22.06.2026
Sluttdato: 21.08.2026
Søknadsfrist: 18.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ca8b5ce0-7eb9-4ce5-b284-e1bf685c1599
- Sist endret
18. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2f163e5e56eb4819b2ec3c31d25f2915
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Kreftklinikken, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Sommervikariat for sykepleiere, sykepleierstudenter og medisinerstudenter
Arbeidsgiver
Hjemmebaserte tjenester i Fana og Ytrebygda, Bergen kommune
Sted
Nesttun, Blomsterdalen
Sommeren 2026 -Din inngang til spesialisthelsetjenesten - Start karrieren din ved Haraldsplass
Arbeidsgiver
Medisinsk og kirurgisk klinikk, Haraldsplass diakonale sykehus
Sted
Bergen