Psykologspesialist
Poliklinikk psykisk helse DPS ÅlesundHelse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Psykologspesialist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Vi søker no ein engasjert psykologspesialist som vil vere med å videreutvikle og bygge opp vårt nye tilbod ved DPS poliklinikk psykisk helsevern Ålesund.
Vi starta hausten 2024 eit nytt tilbod i form av eit Tidleg Avklaringsteam (TA) etter modell frå tilsvarande tilbod ved St.Olav. Målet er at flest mogleg pasientar skal få møte rett kompetanse og behandling til rett nivå, til rett tid. Tilviste pasientar, der det er vurdert behov for ei avklaring med ei breiare tilnærming, får tilbod om å møte til samtale med to behandlarar (spesialist og ikkje-spesialist) innan 2-3 veker. Tidleg avklaring har ei brei tilnærming der ein saman med pasienten forsøker å kome til ei felles forståing og plan, meir enn ein vurderingssamtale. Det er fleksibel moglegheit for kortvarig oppfølging. Pasientane skal få ei god og grundig klinisk vurdering av sine vanskar, og ein forsøker som ein del av dette å ha fokus på ressursar, meistring og nettverk. Ein koblar deretter på det tilbodet som vert vurdert rett; vidare i poliklinikken eller i samhandling med andre aktuelle hjelpeinstansar.
Poliklinikken består tilsaman av 48 behandlarstillingar fordelt på eit Gruppebehandlingsteam, eit ROP- team og fire ulike allmennteam, samt TA. Saman gir vi i dag eit breitt og variert tilbod til våre pasientar. Vi har spissa utredningskompetanse og stor breidde av behandlingstilnærmingar til ulike psykiske lidingar, som vert behandla i spesialisthelsetenesta. Vi har i dag 15 spesialistar fordelt på dei ulike teama. I haust starta vi prosessen med å etablere B4DT (Bergen 4-day Treatment for sosial angstlidingar) i poliklinikken. Poliklinikken har samstundes gode erfaringar med å vere tidleg ute i å teste ut kunstig intelligens i hjelp til journalskriving.
Stillinga er i TA-teamet, og vi søker spesielt deg som likar å jobbe tett saman i team, er nysgjerrig på nye arbeidsmåtar som psykolog, som likar å vere med å utvikle eit nytt tilbod, samt likar å jobbe i nettverk opp mot andre samarbeidsinstansar.
Arbeidsoppgåver
- Inntak og avklaringssamtalar i team med kollega
- Fleksibel oppfølging av pasientar
- Som spesialist vil deltaking i inntaksarbeid vere viktig i samarbeid med andre spesialistar
- Som spesialist vil rettleiing av ikkje-spesialist vere ei viktig oppgåve
- Bidra med psykologisk fagkompetanse i teamet og i psykologgruppa
- Tett samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar i kommune og innan eiga avdeling
- Vere med på utviklinga av teamet vidare.
- Nettverkssamarbeid med St.Olav og Helse Nord-Trøndelag
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist innan Klinisk vaksen psykologi, eller andre kliniske spesialitetar
- Psykologar med lang erfaring og kort gjenståande tid før oppnådd spesialistkompetanse kan vurderast
- Overnevnte kvalifikasjonar med erfaring frå både 1.linjetensta og 2.linjetensta vert vektlagde
Personlege eigenskapar
- Du har gode faglege kvalifikasjonar
- Du har eit stort engasjement
- Du har gode samarbeidsevner og ønske om å jobbe tett i team
- Du har interesse for nye arbeidsformer innan psykisk helsevern
- Du har evne til å sette pasienten sitt behov i fokus
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Håvard Helgesen, Seksjonsleiar, havard.helgesen@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5023397790
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c9924261-0b71-4bf3-9431-3f172adb4700
- Hentet fra
talentech
- Referanse
28371e342d3642019b333382415db470
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ambulante tenester akutt-psykisk helseDPS ÅlesundHelse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
AVDELING FOR DISTRIKTSPSYKIATRISKE SENTER DPS SUNNMØREHelse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Allmennpsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund