Vi søkjer HMS/KS-koordinator
Volda Maskin As
Møre og Romsdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
HMS&K-koordinator
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Send søknad til
Er du sjølvstendig og engasjert, med eit sterkt fokus på kvalitet og tryggleik? Vi ser etter nettopp deg, ein motivert medarbeidar som tek initiativ, jobbar strukturert og trivst med ansvar. Du vil få ei sentral rolle i den daglege oppfølginga av helse, miljø, sikkerheit og kvalitet på prosjekt E136 Lerstad-Breivika i Ålesund, og vil bidra aktivt til å sikre gode rutinar og system gjennom heile prosjektet. Arbeidsoppgåver vil bl.a. inkludere inntakskontrollar og oppfølging av personell, handtering av sjekklister, skjema og uønska hendingar, samt andre oppgåver knytt til prosjektstøtte.
Dine kvalifikasjonar:
· Arbeidsstad dei komande åra er prosjekt E136 Lerstad-Breivika i Ålesund, ser derfor helst at du bur i regionen. Elles må du vere fleksibel i forhold til arbeidsstad. Stillinga kan medføre behov for både reising og bortebuar på prosjekt.
· Det er ønskeleg med erfaring frå anleggsbransjen.
· Gode IT-kunnskapar, det er ein fordel med kjennskap til SmartDok og HMS-reg. Dette er ikkje eit absolutt krav.
· Utdanning innanfor HMS/KS. Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil verte vektlagt og kunne vege opp for manglande formell kompetanse.
· Beherskar godt norsk munnleg og skriftleg.
· Førarkort klasse B.
Vi kan tilby:
· Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei spanande bransje, der du er med på å etterlate varige spor i samfunnet.
· Moglegheit for fagleg utvikling.
· Konkurransedyktige løn- og arbeidsvilkår, forankra i tariffavtale.
· Gode pensjons- og forsikringsordningar og AFP.
· Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Volda Maskin AS har sidan starten av 1990 bygd opp ei solid og allsidig bedrift med stort fokus på kompetanse, kvalitet og samarbeid. Vi har sentral godkjenning, er ISO-sertifisert og godkjent lærebedrift innan fleire fagområde. Med 75 tilsette og ein moderne maskinpark er vi godt rusta til å ta på oss alt frå små oppdrag til omfattande hovudentreprisar. Vi har hovudkontor i Volda, og våre prosjekt ligg hovudsakleg i Møre og Romsdal og Vestland fylke.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c970a591-cb35-41cf-88a4-cee915818415
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
c970a591-cb35-41cf-88a4-cee915818415