Ønskjer du ein givande og utfordrande jobb der du kan utgjere ein forskjell?
Fjaler kommune HAFS Interkommunale barnevernteneste
Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
Om jobben
Stillingstittel
Leiar HAFS interkommunale barnevernsteneste
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. oktober
Fjaler kommune har ledig ei 100 % fast stilling som leiar for HAFS interkommunale barnevernsteneste. Vi søkjer deg som er trygg, fagleg sterk og klar for ein kvardag med både faglege utfordringar og meining. Er du i tillegg fleksibel og omstillingsdyktig? Då kan det vere deg vi ser etter.
HAFS barnevernteneste jobbar for å finne gode løysingar for barn og føresette i Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Eininga har ti stillingar med engasjerte medarbeidarar som samarbeider om å løyse utfordringar og sjå moglegheiter til det beste for barn og familiar i regionen.
No søker vi deg som trur på barn og foreldre sine ibuande ressursar og kan syne retninga vidare for medarbeidarane dine. Du vil ha kontor i Dale i nye, hyggelege lokale. Her jobbar du i eit tverrfagleg team med låg terskel for å søke støtte og råd hos kollegaene. Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og tek gjerne eit kjapt møte i sofaen for å drøfte ulike problemstillingar.
Som leiar er det viktig at du ser dei store linjene og tek ansvar for å oppnå gode resultat og god drift av tenesta. Vi jobbar kontinuerleg med å gi rett hjelp til riktig tid på rett nivå.
Du kan vere med og forme framtidas barnevern
Barnevernsfeltet er inne i ei tid med stor utvikling, og som leiar kan du vere med på å forme ei barnevernteneste for framtida. HAFS barnevernteneste deltek i ulike utviklingsprosjekt for å gje eit godt fagleg tilbod, og leiar har ei viktig rolle her. Du vil ha medansvar for oppfølginga av vedtekne planar og skal sørge for at tenesta er deltakande i viktige samarbeid i HAFS.
Vi vektlegg å møte barn, familiar og samarbeidspartar der dei høyrer til, noko som betyr ein del reiseverksemd i arbeidet. Du får høve til å jobbe tett på familiar, samtidig som du bidreg med fagleg kvalitetssikring, rettleiing og utvikling av tenesta.
Arbeidsoppgåver
- Hovudansvar for å drive eit best mogleg tenestetilbod for barn, deira familiar og nettverk
- Rettleie tilsette og bidra til kompetanseutvikling i tenesta
- Koordinering, samarbeid og samhandling internt, samt bidra til godt tverrfagleg samarbeid med andre samarbeidspartar
- Økonomisk planlegging, budsjettering og rapportering
- Bidra til utvikling av eit godt tenestetilbod i tråd med gjeldande føringar og lovverk
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnevernspedagog /sosionom
- Erfaring frå arbeid i barneverntenesta eller liknande
- Relevant leiarerfaring
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
- Godkjend politi- og tuberkulinattest
Frå 2031 vert det lovpålagt at leiar for barneverntenester har masterutdanning. Den vil tilset må difor gjennomføre masterutdanning innan 2031 dersom vedkomande ikkje har det ved tilsetjing.
Det blir vektlagt om ein er personleg egna til stillinga.
Personlege eigenskapar
- Tydeleg, handlekraftig og fagleg sterk
- Inkluderande og motiverande leiarstil
- Evne til å bygge tillit og relasjonar
- Du toler uføresette hendingar
- Du er oppteken av å møte tilsette, brukarar og samarbeidspartar på ein audmjuk og trygg måte
Om du ønskjer ein givande og utfordrande jobb vil vi gjerne høyre i frå deg. Saman kan vi gjere ein forskjell for barn, unge og familiar i HAFS.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c94bffca-a2bc-46eb-8707-1ac214b96c73
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3538555_175421_nn