Kyrkjelydspedagog
Øygarden kyrkjelege fellesråd
Landrodalen 5, 5363 Ågotnes
Om jobben
Stillingstittel
Kyrkjelydspedagog
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 24. oktober
Øygarden kyrkjelege fellesråd søkjer ein kyrkjelydspedagog i 80% stilling. Saman med gode medarbeidarar vil du jobbe for dele tru, håp og kjærleik til barn, ungdom og familiar i Øygarden. Stillinga er primært knytt til Landro sokn.
Ønskjer du å dele bibelforteljingane, trua og dei gode tradisjonane i kyrkja til barn og unge i Øygarden? Vere med å ruste barn og unge til å møte verda ved å bli kjent med og få kunnskap om Jesus? Då er du personen vi søkjer.
Kyrkjelyden sin visjon er:
«Nær Gud, nær menneske.» I alt vårt arbeid og i alle våre møter med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen. Takksemd, det å vere tenande og frimodige er sentrale verdiar i arbeidsfellesskapet vårt.
I sokneteamet i Landro vil du saman med andre medarbeidarar utgjere den lokale staben. Du vil også vere ein del av ein fagseksjon «Seksjon for barn og unge», der alle pedagogar og ungdomsarbeidarar i heile fellesrådet tek del.
Arbeidsoppgåver
- Leie trusopplæringa i Landro sokn. Ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering
- Kyrkjelydspedagog har hovudansvar for gjennomføring av trusopplæringsprogrammet, T-dagen, i soknet, i tett samarbeid med kyrkjelydspedagogane i Foldnes og Fjell. T-dagen har barn og unge 0-18 år som målgruppe
- Samarbeide med sokneråd, tilsette og frivillige medarbeidarar for at barn, unge og familiar skal finne ein fellesskap i kyrkja
- Representere barn, unge og familiar inn i det tverrfaglege arbeidet i sokneteamet i Landro sokn, og jobbe saman med ulike medarbeidarar for å styrkje gudstenestefellesskap og kyrkjelydsbygging lokalt
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av kyrkja sitt samarbeid med barnehage og skule i soknet, saman med sokneprest, sokneteamleiar, diakon og organist
- Saman med sokneprest og kyrkjelydsarbeidar, planlegge, gjennomføre og utvikle konfirmantåret i soknet, kyrkjelydspedagogen er hovudadministrator for konfirmantåret
- Ha ansvar for rekruttering og ivaretaking av frivillige i samband med tiltak for barn og unge i Landro sokn
- Saman med soknerådet, arbeide for å holde oppe sundagsskuletilbodet i soknet
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk og/eller teologisk/kristendomsfagleg utdanning på bachelornivå
- Erfaring frå arbeid med barn og unge i kyrkja er ønskjeleg
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket i Øygarden kyrkjelege fellesråd er nynorsk
- Førarkort klasse B
- Krav om medlemskap i Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjons- og undervisningsevner
- Evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig og langsiktig
- Evne til å byggje gode relasjonar
- Tydeleg etisk bevisstheit rundt det å vere eit førebilete for barn og unge
Vi tilbyr
- Utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit stort og kreativt arbeidsfellesskap
- Arbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer og frivillige
- Tilsetting på dei vilkår som går fram av lover og reglement
- Løn etter KA sine tariffavtalar Anna
- Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast
- Ein vert tilsett i Øygarden kyrkjelege fellesrådsområde og vil også kunne få oppgåver i andre sokn innanfor området
- Den som vert tilsett, må leggje fram politiattest utan merknad, jf. Lov om trus- og livssynssamfunn, kapittel 4, §20
- Vi legg vekt på at kompetanse og eigenskapar hos dei tilsette utfyller kvarandre Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje stillinga.
Kontaktinformasjon
Rannveig Vestbøstad Vik, Seksjonsleiar barn og unge, 415 07 011Mathilde Dale Løvfall, Personalleiar, 902 72 703
Arbeidssted
Landrodalen 55363 Ågotnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Øygarden kyrkjelege fellesrådReferansenr.: 5022207245
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 24.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Mathilde Dale Løvfall
Personalleiar
902 72 703
Rannveig Vestbøstad Vik
Seksjonsleiar barn og unge
415 07 011
Om bedriften
«Nær Gud, nær menneske.»
Slik lyder kyrkja i Øygarden sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen.
Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd, med om lag 40 000 innbyggarar og 28 600 medlemer. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i fagseksjonar. Dei tilsette er i tillegg delt inn i 5 tverrfaglege sokneteam som samarbeider med kvar av dei 5 sokneprestane og sokneråda i fellesrådsområdet. Fellesrådet yter administrativ og diakonal hjelp overfor 16 tilsette knytt opp mot ungdomsdiakonitiltaket Basecamp, som er eigd av kyrkja, kommunen og Sartor storsenter i fellesskap.
Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i Øygarden kyrkjelege fellesråd. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflekterer over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve.
Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c89570b3-361a-4dbe-81fa-56ced491b3c9
- Hentet fra
talentech
- Referanse
978fbb25c53540708fdc357c9109b440