Overstyrmann i sambandet Hufthamar-Krokeide, p.t. MF Horgefjord
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Fv546, 5392 Storebø, 5244 Fana
Om jobben
- Stillingstittel
- Overstyrmann i sambandet Hufthamar-Krokeide, p.t. MF Horgefjord
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Skift
- Arbeidsspråk
- Skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 21. november
Fjord1 søkjer ein trygg og erfaren overstyrmann til sambandet Hufthamar-Krokeide, trafikkert av vår moderne og miljøvenlege el-ferje MF Horgefjord.
Dette er ei framtidsretta stilling i eit innovativt og ansvarleg rederi som satsar tungt på grøn teknologi, moderne løysningar og høg standard i alle ledd. Fjord1 er ein leiande aktør innan miljøvenleg sjøtransport, og MF Horgefjord er eit godt døme på vår satsning - ei stillegåande og energieffektiv el-ferje som representerer framtida på fjorden.
Som overstyrmann får du ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leiing - med fokus på sikkerheit, berekraft og kontunerlig utvikling. Du vil vere kapteinens stedfortredar og skal bidra til at drift går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis.
Distansen mellom Bergen-Krokeide er omtrent 25 min
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling og ansvarleg for mannskapet
- Avløysar for skipsførar ved behov
- Ettersyn og vedlikehald av navigasjons- og kommunikasjonsutstyr
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig og operativt
- Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
- Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
- Opplæring og utvikling av personell
- Sikre høfleg og profesjonell behandling av passasjerar
- Kontroll av verneutstyr og tryggleik for mannskap og passasjerar
- At billettering og kontroll vert utført
- At lasting og lossing vert utført effektivt og forsvarleg
Kvalifikasjonar
- Minimum D2-sertifikat
- GMDSS/ROC-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandteringskurs
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper skriftlig og muntlig
Manglande krise- og passasjerhandteringskurs vert dekka av rederiet for aktuelle kandidatar.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein erfaren og dyktig overstyrmann med solid forståing for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevjande situasjonar med ro og besluttsomheit og ha god kjennskap til gjeldande regelverk. Er du klar for å ta ansvar og gjere ein forskjell? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund
- Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar
- Skiftordning: 1 veke på arbeid og 2 veker på fri
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.noArbeidsstad
5244 Fana
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5039163074
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c80945a9-b00e-4818-a420-56f86254a0fe
- Sist endret
11. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4991a7e0aaf44d47beff8535e2e920b6
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Sted
Storebø, Fana
Maskinsjef i sambandet Hufthamar-Krokeide, p.t. MF Møkstrafjord
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Sted
Fana, Storebø
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Sted
Dalsøyra, Fonnes