Psykolog - tilrettelagt tannhelsetilbod (TOO)
Møre og Romsdal fylkeskommune
6412 Molde
Om jobben
- Stillingstittel
- Psykolog - tilrettelagt tannhelsetilbod (TOO)
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 12. januar
Psykolog - tilrettelagt tannhelsetilbod (TOO)
Fylkestannlegen, Møre og Romsdal fylkeskommune
Om stillinga
Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har ledig 50% fast stilling som psykolog frå 1.2.2026. Stillinga inngår i tannhelsetenesta sitt TOO-team (tannhelsetilbod til tortur- og overgrepsutsette og personar med odontofobi). TOO er eit prosjekt i regi av Helsedirektoratet. TOO-prosjektet sitt mandat er å tilby kognitiv åtferdsterapi til målgruppa.
Tenestestad vil vere i Molde ved den offentlege tannklinikken Molde kompetanseklinikk. Arbeidsoppgåver Du får jobbe med- tannlege og tannhelsesekretær i tverrfagleg team
- å diagnostisere og vurdere pasientane før angstbehandling hos tannlege
- eksponeringsbehandling i tverrfagleg team
- utadretta rettleiing og informasjonsarbeid
- rettleiing av tannlegar og tannhelsesekretærar i forhold til pasientbehandling
- å bidra i kompetanseutvikling om pasientgruppane i prosjektet
- Psykologspesialist eller psykolog med godkjent norsk autorisasjon
- Erfaring med bruk av kognitiv åtferdsterapi, og ønske om å anvende metodikken i tverrfagleg team
- Erfaring frå angstbehandling
- Interesse for arbeid med odontofobipasientar
- Gjerne har vidareutdanning i kognitiv åtferdsterapi
- Gjerne har røynsle frå forskning
- God kommunikasjonsevne og god samarbeidsevne er ein føresetnad
- Evne til å uttrykke deg flytande og lett forståeleg både munnleg og skriftleg på norsk/skandinavisk
- Trivst med å jobbe med og for menneske
- Jobbar effektivt og sjølvstendig
- God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
- Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
- Ein variert og spennande kvardag på ein arbeidsplass i utvikling
- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning og gunstige forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
- Tilsetting skjer ellers på vanlege fylkeskommunale vilkår
- For ikkje-spesialistar vil det bli lagt til rette rette for relevant spesialiseringsløp
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Søk på stillingen via “Søk på stilling” - knappen på denne siden.
Kontaktpersoner for stillingen
Yngvill Ane Stokke Westad
Psykologspesialist
99048686
Trine Beate Monsen
Leiar TOO-team
93649606
Om bedriften
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Sjå korleis det er å jobbe i tannhelsetenesta i Møre og Romsdal
Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?
- Ønsker du spennande utfordringar i eit av landets vakraste fylke?
- Blir du motivert av å jobbe for - og med - menneske?
- Ønsker du eit meiningsfylt arbeid med varierte pasientgrupper?
- Vil du vere ein del av eit fagleg nettverk og ein organisasjon som opptatt av læring, samarbeid og tillit?
Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c743ba74-7e9e-4ef3-be9f-2d8497cb4741
- Sist endret
12. desember 2025
- Hentet fra
AMEDIA
- Referanse
4552072
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Fylkestannlegen, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Molde
Psykolog - vikariat
Arbeidsgiver
Molde kommune PPT
Sted
Molde
Psykiater
Arbeidsgiver
Akutt psykisk helsevern SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset