Intensivsjukepleiarar
Kirurgisk serviceklinikk/ Intensiv- og postoperativ avdeling / Thoraxkirurgisk intensiv og oppvakningsseksjon. TIO, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Intensivsjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 30. september
Har du lyst på ein jobb som gir deg faglege utfordringar, allsidige arbeidsoppgåver og gode kollegaer?
Vi søker dyktige intensivsjukepleiarar og sjukepleiarar til våre intensiv- og postoperative seksjonar. Her får du anledning til å arbeide saman med engasjerte og høgt kvalifiserte kollegaer.
Som ein del av vårt team vil du bidra til avansert pasientbehandling og overvaking, både innan intensivmedisin og postoperativ pleie.
Vi ser etter deg som er utdanna intensivsjukepleiar med eit sterkt fagleg engasjement, og som set pasientsikkerheit i fokus. Du er ein lagspelar som ønskjer å bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø. I tillegg har du evne til å handtere utfordrande situasjonar på ein strukturert og trygg måte.
Spesifiser i søknaden kva for seksjon du ønskjer å jobbe i. Det er òg mogleg å jobbe i ei stilling som er delt mellom to av seksjonane.
Tilsetjinga føreset arbeid i tredelt turnus.
Postoperativ seksjon er ein dynamisk og spennande arbeidsplass der vi overvakar og behandlar om lag 12 000 pasientar årleg. Postoperativ seksjon overvakar barn og vaksne, hovudsakleg etter generell kirurgi. Vi tar òg imot eit stort tal øyeblikkeleg hjelp- og traumepasientar. Kontakt: Seksjonsleiar Benedicte Mjelde Vogt, tlf 55972436/ 99642393.
Thoraxkirurgisk intensiv- og oppvakingsseksjon (TIO) ivaretar hovudsakleg nyopererte hjarte- og lungepasientar. Seksjonen behandlar òg kirurgiske og medisinske thoraxpasientar som treng avansert intensivbehandling, og har regionsfunksjon for behandling med VA-ECMO. Dette gir deg ein unik moglegheit til å utvikle deg fagleg både for intensivpasienten og den postoperative pasienten. Kontakt: Seksjonsleiar Laila Hauge, tlf 94976561.
Seksjonane er ein del av Intensiv- og postoperativ avdeling i Kirurgisk serviceklinikk.
Vi ønsker oss intensivsjukepleiarar som vil ha fagleg vekst, varierte og spennande utfordringar. Sjukepleiar med relevant erfaring kan også søke.
Vi vil
kontakte aktuelle kandidatar fortløpande.
Trykk her for å lese meir om Intensiv- og postoperativ avdeling og dei fire seksjonane.
Trykk her for å lese meir om Kirurgisk Serviceklinikk.
Vi treng deg, du er viktig for oss!
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for overvaking, intensivbehandling og sjukepleie til pasientar i akutt og postoperativ fase
- Arbeidsoppgåvene og prosedyrane er allsidige og varierte, du skal følge opp pasientane i det tverrfaglege miljøet
- Rettleiing av studentar og kollegaer
- Ivareta pårørande
- Arbeid på tvers av seksjonane er forventa
Arbeidsoppgåvene kan bli endra i takt med avdelinga og/eller sjukehuset si utvikling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar og vidareutdanning som intensivsjukepleiar eller
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar med meir enn 2 års relevant erfaring
- Kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system er ein fordel
- Kan effektivt organisere og administrere eige arbeid
- Kunne utføre sjølvstendig arbeid innanfor arbeidsområdet
- Personlege eigenskapar vil bil vektlagt
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg svært godt
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og ansvarsbevisst
- Du er samarbeidsvillig, fleksibel, har gode kommunikasjonsevner og likar å jobbe i tverrfaglege team
- Du er tilpassingsdyktig, har god organisasjonsforståing og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du har evne til å arbeide målretta, og få oppgåvene gjort
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
Vi tilbyr
- Dyktige medarbeidarar
- Godt arbeidsmiljø
- Faglege utfordringer og ein allsidig arbeidskvardag
- Variert pasientgrunnlag og god breiddekunnskap
- Vi legg til rette gode opplæringsvilkår for nytilsette og fagleg utvikling
- Vi investerer i våre medarbeidarar og arbeidsplanar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Benedicte Mjelde Vogt, Seksjonsleiar, 55972436Laila Hauge, Seksjonsleiar, 94976561
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5003239293
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Laila Hauge
Seksjonsleiar
94976561
Benedicte Mjelde Vogt
Seksjonsleiar
55972436
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c6c1f32e-4c59-415b-8e39-4ca6cfe2f031
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d3b02f2010c5469f8b7da2f1db816c9b