Inspektør i kjøtkontroll
Tilsynsdivisjon landdyr og slakteri, seksjon rødt kjøtt vest
5580 Ølen
Om jobben
- Stillingstittel
- Inspektør/førsteinspektør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Vakt, dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 12. januar
Mattilsynet er opptatt av å sjå matproduksjonen frå start til slutt, frå jord til bord, det såkalla heilkjedeperspektivet. Kjøtkontroll og tilsyn med slakteri er veldig viktig i denne heilkjedetanken. Det omfattar mellom anna tilsyn med dyretransport, dyrevelferd og dyrehelse hos levande dyr på slakteriet, hygieniske forhold under slakting og nedskjæring og vurdering av patologiske endringar på slaktet. Den store bredda i fagområdet gjer at arbeidet er spennande og utfordrande.
Ønsker du å bidra til trygg mat og god dyrehelse? Me søkjer etter ein dyktig medarbeidar. Stillinga er ein del av slakteritilsynet i seksjon rødt kjøtt vest, i tilsynsdivisjon landdyr og slakteri. Arbeidsplassen vil vere ved slakteria i Sandeid og Ølen, der ein slaktar storfe, svin og småfe. Stillinga vil inngå i ein arbeidsplan der ein tidvis rullerer mellom dei to slakteria.
Som tilsett hos oss vil du få ein unik moglegheit til å arbeide med viktige samfunnsoppgåver. Teamarbeid står sentralt i organisasjonen, der ein jobbar tett saman for å oppfylle Mattilsynet sitt samfunnsoppdrag. Om du trivs med sjølvleiing, i samarbeid og har god rolleforståing har du gode forutsetningar for å trivest i stillinga.
Arbeidsoppgåver
Oppgåvene for kjøtkontroll og slakteritilsyn er varierte. Du jobber med mattryggleik, slaktehygiene, dyrehelse, dyrevelferd, kjøtkontroll, animalske biprodukt og prøvetaking i heile Mattilsynet sitt perspektiv.
- Kontroll av slakt
- Registrering av avvik og sakshandsaming
- Planlegging og utføring av tilsyn og oppfølgjande sakshandsaming
- Planlegging og utføring av prøvetaking og oppfølgjande sakshandsaming
- Du må rekne med å få andre oppgåver ut i frå samla behov og prioritering
- I periodar av året vil det vere noko overtid, med ettermiddag-, kvelds- og helgejobbing, særskilt i haustsesongen
- Du jobbar saman med andre inspektørar i eit team med teknikare og veterinærar
- Mattilsynet er ein beredskapsorganisasjon, det betyr at du kan bli beden om å bistå i hendingar utover eigen seksjon og avdeling
Kvalifikasjonar
- Det er en fordel om du har erfaring som kontrolltekniker, men anna relevant arbeidserfaring, fagbrev eller utdanning (som er relevant) er også aktuelt
- For å jobbe som kontrollteknikar må du ha gjennomført kurs som kontrollteknikar. Dersom du ikkje har det frå før, må du ta kurs og eksamen som ein del av opplæringa. Opplæringa skjer i stor grad lokalt
- Relevant erfaring frå forvaltning, tilsynsmetodikk og aktuelt regelverk er ein fordel.
- Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg. Avdelinga nyttar både nynorsk og bokmål som skriftspråk
- Gode digitale eigenskapar og vant med å bruke digitale løysningar
- Gyldig førarkort klasse B
Me ønskjer at du
- Har motivasjon til å jobbe i slakteritilsynet og med kjøtkontroll
- Har god forståing for tilsynsrolla og evne til å observere og gjere faglege vurderingar
- Kommuniserer klart og tydeleg
- Tek ansvar, er god til å arbeide både sjølvstendig og i team med andre
- Deler kunnskap, erfaringar og informasjon samstundes som du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Har evne til å vere fleksibel og kan handtere endringar i forhold til planlagde oppgåver
- Må ha evne til å prioritere og arbeide effektivt
Vi tilbyr
- Stilling som inspektør (stillingskode 1497) med lønn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse. For tida årslønn frå kr. 490.000 - 560.000 for samanliknbare stillingar i Mattilsynet. For særs kvalifiserte søkjarar kan avlønning som førsteinspektør (stillingskode 1498) og høgare lønn bli vurdert.
- Ordna arbeidsforhold, overtid og ugunstig arbeidstid blir kompensert i samsvar med gjeldande regelverk og særavtale
- Arbeid med eit spennande og viktig samfunnsoppdrag, i ein organisasjon i endring
- Eit fagleg sterkt fellesskap, der du kan utvikle din kompetanse innan eit komplekst fagområde
- Medlem i Statens pensjonskasse med gode låne- pensjons- og forsikringsordningar
Søknader vert berre motteken elektronisk. Vi ber om at du laster opp vitnemål via Vitnemålsportalen. Dette sikrar ein enkel og sikker overføring av dine dokument. For meir informasjon om korleis du bruker Vitnemålsportalen, besøk vitnemålsportalen.no. Søkjare som ikkje har mglegheit for det, legger inn attester og vitnemål som vedlegg til søknaden. Ver venleg å oppgje 2 referansar i søknaden.
Kontaktinformasjon
Gro Eliassen, seksjonssjef, +47 22778904, gro.eliassen@mattilsynet.noArbeidssted
5580 Ølen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: MattilsynetReferansenr.: 5047408960
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vår visjon er at vi saman trygger framtida for mennesker, dyr og natur. For å lykkast med dette er vi i gong med ein omfattande utvikling av organisasjonen, korleis vi jobbar saman og korleis vi utviklar løysningar med vekt på brukar sitt behov. Vi er 1.200 kollegar med kompetanse på tvers av mange fagfelt, som for eksempel veterinærfaget, næringsmiddelproduksjon, biologi, utvikling, jus og forvaltning. Det gledar oss at vi har stege på omdømmemålingar i offentleg sektor, fordi vi er avhengig av tillit og jobbar hardt for å opplevast som ein hjelpar. Vi er til stades i heile landet, og utviklar oss kontinuerleg. Mattilsynet rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Les meir på mattilsynet.no.
Inkludering og mangfold er ein styrke for Mattilsynet. Vi ønskjer oss medarbeidare med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene på ein enda betre måte. Har du funksjonsnedsettelse, hol i CV-en og/eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer jobb hos oss. Vi kallar inn minst ein kvalifisert søkjar i kvar gruppe til intervju. Får du jobben legg vi til rette for deg om du treng det. Vi bruker kun avkrysningane til å velje ut rette kandidatar og til anonymisert statistikk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c6be04ba-949b-4688-ac13-73a32260df9e
- Sist endret
19. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4e91a0f39d534d8382b4885d108f7894
Lignende annonser
Røkter (akvakultur)
Arbeidsgiver
Møre Oppdrettsservice As
Sted
Møre og Romsdal, Nordland, Trøndelag, Vestland, Island
Arbeidsgiver
Alsaker Fjordbruk
Sted
Skånevik
Arbeidsgiver
Level Offshore AS
Sted
Haugesund