Ønskjer du ei spennande leiarstilling med eit meiningsfullt samfunnsoppdrag?
Avdelingsleiar Jobbstøtte // Nav Sunnfjord og Ytre Sogn
Hafstadvegen 40B, 6800 Førde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar jobbstøtte
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
Har du eit brennande engasjement for inkludering, arbeidsliv og mangfald? Ønskjer du å jobbe med leiing innanfor eit meiningsfullt og høgt prioritert samfunnsområde? Då kan du vere den vi søkjer etter.
Som avdelingsleiar i Nav vil du saman med tilsette, næringsliv og samarbeidspartar leie arbeidet med å sikre Nav sitt samfunnsoppdrag, og bidra til tenesteutvikling som betrar levekåra for vanskelegstilte, fremjar overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.Nav Sunnfjord og Ytre Sogn er kommunane i Sunnfjord, Høyanger, Fjaler og Hyllestad sitt felles Nav-kontor for til saman omlag 30 000 innbyggarar og 60 tilsette. Kontoret og avdelinga du kan bli ein del av består av skikkeleg flinke og trivelege folk. Vi er organisert i fire avdelingar som arbeider på tvers av lokasjonane i Førde, Høyanger, Dale og Hyllestad med eigen avdelingsleiar. Vi samarbeidar også tett med Askvoll og Kinn, då vi er regionkontor for Sunnfjord regionen.
Stillinga inngår i leiargruppa i regionen og i kontoret, og rapporterer til Nav-leiar. Arbeidsstad er Førde, med kontordagar i Høyanger, Dale, og Hyllestad etter behov.
Arbeidsoppgåver
- Fag-, resultat- og personalansvar for marknadsteam, team arbeid med støtte, team individuell jobbstøtte (jobbspesialistar), og aktuelle prosjektstillingar lagt til avdelinga
- Arbeid med systematisk helse– miljø- og sikkerheitsarbeid i kontoret og regionen
- Motivere, utvikle og leie avdelinga sine medarbeidarar i samsvar med mål og prioriteringar
- Oppfølging og rapportering på status og resultat i eiga avdeling
- Vere ein aktiv medspelar i kontoret og regionen si leiargruppe
- Bidra til gode, heilskaplege løysingar og kontoret/regionen si vidare utvikling
- Bygge relasjonar og knytte nettverk med sentrale samarbeidspartnarar
- Bidra til eit godt og helsefremmande arbeidsmiljø
- Legge til rette for kompetanseutvikling, læring, innovasjon og kunnskapsbasert praksis
Nav er i stadig utvikling, og det kan bli endring i arbeidsoppgåvene.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevante fagområde kan til dømes vere helse og sosial, pedagogikk, samfunnsfag, jus, økonomi eller leiing. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
- God kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag og tenester
- God erfaring frå å jobbe med menneske
- Gode kommunikasjons- og formidlingsevner i norsk, – skriftleg og munnleg
- God digital kompetanse
Det er ein fordel om du har:
- Leiarerfaring og/eller leiarutdanning
- Erfaring frå endrings- og utviklingsarbeid
- Erfaring med helse- miljø- og sikkerheitsarbeid
- Førarkort for personbil
Vi ser etter deg som
- Har gode relasjonsevner og samarbeider godt med andre
- Har gode kommunikasjonsevner
- Skapar motivasjon og eigarskap til felles mål og prioriteringar gjennom tillitsbasert leiarskap
- Ser behov og tek initiativ til forbetrings- og utviklingsarbeid
- Er inkluderande og arbeider systematisk for eit godt arbeidsmiljø
Kvifor velje oss
- Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for å påverke eigen arbeidskvardag
- Stort fagmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og høve for trening i arbeidstida
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- Statleg tilsetting i stillingskode 1407 avdelingsleiar med lønnsspenn kr. 710 000 – 760 000 pr. år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgre lønn vurderast.
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Magne Kjetil Berg, Nav Leiar , 99241911, magne.kjetil.berg@nav.noArbeidsstad
Hafstadvegen 40B6800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 5008684449
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c6932201-d752-49f5-9e86-37429804af57
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ff62b691fa1144ee96cf688245edfe89