Ledig fast stilling for fagarbeidar/assistent i Gol barnehage
Gol kommune Gol barnehage
Gamlevegen 4, 3550 Gol, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. oktober
Gol barnehage med dei tre kommunale barnehagane Breidokk, Herad og Vesterhuset arbeidar for ein kontinuerleg utvikling av barnehagane, og søkjar medarbeidarar som er interessert i å ta aktiv del i læring og utvikling.
Dine kvalifikasjonar:- Barne- og ungdomsarbeidar eller anna barnehagefagleg utdanning
- Har relevant erfaring frå barnehage og ynskje om å gjennomføre barnehagefagleg utdanning
- Evner å lære å bruke digitale verktøy som Gol kommune nyttar administrativt for tilsette og i pedagogisk arbeid med barna
- Uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg
- Kreativ og leiken, samtidig som du kan vere ein tydeleg vaksenperson
- Aktiv og bevisst vaksen saman med barna både inne og ute
- Har evner til å skape gode relasjonar med barn
- Kan begeistre og motivere barn, kollegaer og foreldre
- Er interessert i barn si utvikling og medverking
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner overfor både barn, føresette og tilsette
- Bidreg til eit raust arbeidsklima
- Profesjonell, lydhøyr og tillitsvekkande i møte med kollegaer og foreldre
- Jobbar sjølvstendig og tar ansvar
- Deltar i det pedagogiske arbeidet
- Tar medansvar ved planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar, både inne og ute
- Er fleksibel, positiv innstilt og initiativtakar
- Eit godt arbeidsmiljø
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Løn etter utdanning og praksis
- Gratis trening
- Det vil ved tilsetjing bli lagt stor vekt på personlege kvalifikasjonar og evne til samarbeid
- Hallingdal har eigen MiB-gruppe for menn i barnehagane – menn blir oppfordra til å søkje
- Dei som blir tilsett, må leggje fram tilfredsstillande politiattest jf. Lov om barnehagar
- Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju, og må leggje fram kopi av vitnemål og attester
Send søknad:
- Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
- Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
- Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Gol er utdannings- og handelsknutepunkt i Hallingdal og husar ca. 5 000 innbyggarar. Universitetet i Sørøst-Noreg etablerer eit Campus Hallingdal på Gol i 2024. Vi satsar på utdanning, innovasjon og forsking. Golnøklane, samskaping, innbyggardialog og berekraft låser opp det ”Gode liv på Gol” for våre besøkande og fastbuande. Vi kan tilby svært gode forhold for ei aktiv fritid, anten det er friluftsliv eller kultur. Hallingdal har 14 skianlegg med Hemsedal som det største. Gol ligg midt imellom aust og vest med kort veg til både Oslo og Bergen. Det er Bergensbanen som bind oss saman med Noregs to største byar. Kommunen er inkluderande og familievennleg. Vi har både ny 1–10 skole og ny idrettshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod med både vidaregåande skule, folkehøgskule og snart eit universitet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c65fe713-dd0d-4cf4-9477-8c7a22d3c4a3
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3547029_194601_nn