ALIS/Lege i spesialisering, psykiatri
Folgefonn DPS, Helse Fonna HF
Sjukehusvegen 13, 5451 Valen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering/ALIS
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. oktober
Det er ledig stilling for LIS3 ved tverrfagleg behandlarteam døgnpost og poliklinikk Folgefonn DPS, Valen
Folgefonn DPS er ein avdeling i klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF. Vi har ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene i kommunane Kvinnherad og Ullensvang med eit samla befolkningsgrunnlag på ca. 20 000 innbyggjarar.
Idag har vi 12 døgnplassar totalt fordelt på psykose-/rehab.- og allmennpsykiatrisk post på Valen. Det vert gjeve tilbod om kriseplass og brukarstyrt opphald. Døgnavdeling Valen har eit tverrfagleg behandlarteam med 2 stillingar for overlege i psykiatri, psykologspesialist og LIS3-lege. Døgnavdelinga er godt bemanna med spesialsjukepleiarar og hjelpepleiarar.
Hos oss legg vi til rette for gjennomføring av heile spesialiseringsløpet i foretaket.Folgefonn DPS er godkjent utdanningsinstitusjon i psykiatri med 2 år med desse tenesteområda:
- Langtidsbehandling/rehabilitering av psykoselidingar
- Fordjupningsteneste i korttidsintervensjon av ikkje - psykotiske tilstandar
- Allmennpsykiatrisk poliklinikk
Valen sjukehus, som ligg 20 meter unna, har videre 2 år med godkjenning på desse områdene:
- Akutt psykiatrisk post
- Langtidsposter, med spesialisering på psykose, rehabiliterings-, og sikkerhetspsykiatri, som lis vil bli innlemma i sin 5-års-rotasjon, om ønskjeleg
Det siste året kan gjennomførast i BUP, ein tettstad 6 kmilometer unna.
Folgefonn DPS har godkjenning som sideutdanning for allmennlegar spesialisering (ALIS). Ein legg og til rette for ALIS teneste i på Valen og poliklinikk Odda. ALIS teneste Odda er utan vakt.
Det er høve til å søkja stilling for ein kortare periode om det er behov for det.
Høyrest dette ut som noko for deg? Ta gjerne kontakt om du lurer på noko – vi vil veldig gjerne høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar i samarbeid med overlege på den aktuelle eininga
- Vere ein aktiv del av det tverrfaglege behandlingsteamet
- Medikamentell behandling, individualterapi, vurdere pas. for andre behandlingsformer t.d. gruppepolikliniske tilbod som treningspoliklinikk, musikk terapi og strukturert dagbehandling
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Godkjent medisinsk embetseksamen.
- Norsk autorisasjon som lege.
- Gjennomført LIS1 teneste eller tilsvarande
- Grunnleggande IKT-kompetanse, kunnskap om EPJ og andre fagsystem.
- Lege med lisens kan verta midlertidig tilsett ved mangel på kvalifiserte søkjarar
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må bestå norsktest på B2 nivå.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- set pasienten i fokus og møter folk med respekt og tryggleik
- arbeider sjølvstendig og strukturert
- kommuniserer godt, både med pasientar, pårørande og kollegaer
- trivst med å jobbe i team og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
Kvifor skal du velje oss?
- Fagleg og personleg utvikling
- Fagleg vegleiing individuelt og i grupper
- Internundervisning og regelmessig fagleg fellesskap med Valen sjukehus.
- Aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Hjelp til å skaffa bustad
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift ( IA-bedrift)
- Medlemskap i pensjonsording, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
Kontaktinformasjon
Maren Elise Skogseth, Leiar Folgefonn DPS, 95187657, maren.skogseth@helse-fonna.noErlend Hellingsrud, Funksjonsleder, 95256269, erlend.hellingsrud@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 135451 Valen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5008870191
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c5703615-aac8-45bc-8b6d-d1f4461e7d97
- Hentet fra
talentech
- Referanse
66e1d95a06aa4a25a831ea4348dfda32