Heimetenesta
Øygarden kommune Heimetenesta
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar 100% fast
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. oktober
Om avdelinga og stillinga:
Heimetenesta i Øygarden kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i fire avdelingar, Skogsvåg, Ågotnes, Straume og Bildøy. Som sjukepleiar i heimetenesta vil ein jobbe tett på brukarane i deira heim og møte dei i ulike livssituasjonar og ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske avdelingar i team og aleine. Vi treng deg som er ein kompetent sjukepleiar som kan utføre tildelte oppgåver i brukars heim. Vi ønskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.
Avdeling Ågotnes har ledig stilling som sjukepleiar. Stillinga er ledig frå november 2026
Sjukepleiar 100% fast der 25% er knytt til timebank.Kven ser vi etter?
Til stillinga ser vi etter deg som trivs med mange ballar i lufta, som er robust og positiv på krevjande dagar og som trivs best når du arbeider i eit aktivt miljø. Du kommuniserer og samarbeider godt med dine kollegaer. Som sjukepleiar i heimetenesta får du høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje erfaring og kunnskap i ei teneste som stadig er under utvikling og vekst. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.
Kva får du hos oss?
Som vår nye kollega vil du kunna få 80 - 100% fast stilling i årsturnus med 16 arbeidshelger (eventuelt fleire mot kompensasjon), årleg fagdag, internundervisning og mentorordning for nytilsette. Du vil møte motiverte og kunnskapsrike kollega, interessante utfordringar og ha høve til personleg og fagleg utvikling. Som tilsett hos oss vil du òg ha gode pensjons – og forsikringsordningar. Du har høve til å søke startlån utan krav om genkapital gjennom kommunen, dette kan du lese meir om på kommunens heimeside Startlån
Kven er så du?
Du har autorisasjon som sjukepleiar, har førarkort og om du har erfaring frå heimetenesta er det ein fordel. Du har gode norskkunnskapar og beherskar språket både munnleg og skriftleg. Du er strukturert og evnar å halde oversikt. Vi legg vekt på personleg eignaheit. Du må kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre samt bidra til eit godt arbeidsmiljø. Du trivs med å tenke nytt, samstundes som du tar vare på dei gode løysingane som allereie eksisterer.
Som vår nye kollega er det viktig at du kjenner deg igjen i våre verdiar; omsorg, livsglede, mot, raus og engasjement.
Om du kjenner deg igjen, bli med oss på laget!Anna:
Sjukepleiarar i turnus i Øygarden kommune er løna kr 35 000 per år over tariff.
Kontakt:
Ass. Einingsleiar Kate S. Løland, tlf 56160502 / 950 71 121Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c518afc3-1cb2-4095-98f9-09efa69bc580
- Sist endret
25. september 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3665037_194035_nn