Vil du vere med å forme eit nytt tilbod? Psykologspesialist til Lokal Sikkerheit Rehablitering
Divisjon psykisk helsevern/ Klinikk sikkerheitspsykiatri/ Forsterka rehabilitering/ Lokal sikkerheit rehabilitering, Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vil du vere med å forme eit nytt tilbod? Psykologspesialist til Lokal Sikkerhet Rehabilitering
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. november
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen etablerer no ein ny lukka sengepost med 8 plassar i Sandvikenområdet – den første byggesteinen i utviklinga av Program Psykisk helsevern for framtida -Nye Sandviken. Dette markerer starten på eit nytt kapittel for området, der vi skal utvikle eit langsiktig og heilskapleg tilbod til pasientar med samansette behov.
Sengeposten skal tilby behandling til pasientar med alvorlege psykiske lidingar, der nokre også har utfordringar knytt til vald og rus. Pasientane på dette behandlingsnivået vil ha behov for stabilisering og rehabilitering. Pasientgruppa vil vere samansett, og det faglege tilbodet breitt.
Vi søkjer no ein psykologspesialist som ønskjer å vere med og bygge opp og utvikle tilbodet frå starten av.
Om stillinga
Som psykologspesialist vil du ha ei sentral rolle i utgreiing, behandling og fagleg utvikling. Du vil bidra til å forme rutinar og pasientforløp, og samarbeide tett med faggrupper frå både Psykiatrisk klinikk og Klinikk sikkerheitspsykiatri. Den nye sengeposten er ein del av ei ny eining som er etablert som eit samarbeid mellom dei to klinikkane, med mål om å utvikle eit framtidsretta og heilskapleg behandlingstilbod for pasientar med samansette behov. Eininga er i dag organisert under Klinikk sikkerheitspsykiatri, som er under utvikling og på sikt vil få eit breiare fagleg innhald i tråd med utviklinga av Nye Sandviken.
Arbeidsoppgåver
- Inngå i tverrfaglege team kor utgreiing, diagnostisering og behandling og rehabilitering av pasientar vert gjennomført i tråd med overordna krav og nasjonale føringer
- Vere ansvarleg for vedtak etter psykisk helsevernloven
- Gjere utgreiing av risiko for vald
- Yte psykologfagleg rettleiing og bistand i dei tverrfaglege teama ved sengeposten, med særleg fokus på miljøterapeutisk tilnærming
- Delta og bidra i utviklingsarbeid
- Ha utstrekt samarbeid i Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen, primærhelsetenesta og kommunale butilbod
- Bidra med undervisning og rettleiing til kommunale helsetenester og annan spesialisthelseteneste
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø med fokus på kompetanseheving og fagleg utvikling
- Det kan bli aktuelt å ha utgreiings-og/eller behandlingsansvar for pasientar ved andre seksjonar i klinikken
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist med godkjent spesialitet innan vaksenpsykologi
- Vedtakskompetanse i samsvar med psykisk helsevernloven
- Erfaring frå døgnpost, rehabilitering og/eller arbeid med samansette pasientforløp er ønskjeleg
- Dokumentert interesse for rehabilitering, utviklingsforstyrringar og/eller rettspsykiatriske problemstillingar er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Vandelsattest må leggjast fram før tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, inkluderande og har eit godt lag med folk
- Du har evne til å inspirere, rettleie og engasjere medarbeidarar
- Du kommuniserer godt og bygg tillit i møte med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du trivst i tverrfaglege team og meistrar høgt tempo og krevjande situasjonar
- Du er strukturert, målretta og arbeider godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Du er fleksibel, løysingsorientert og tilpassar deg lett nye situasjonar
- Du har god fagleg vurderingsevne og held deg roleg og profesjonell under press
- Du viser respekt, empati og profesjonalitet i møte med pasientar
- Du har eit sterkt engasjement for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du bidreg aktivt til eit godt og utviklande arbeidsmiljø
Personlege eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetjing
Vi tilbyr
- Moglegheit til å vere med frå starten og forme eit nytt behandlingstilbod
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt med gode utviklingsmoglegheiter
- Samarbeid med erfarne spesialistar og tverrfaglege team
- Moglegheit til å bidra til utvikling av miljøterapi og heilskaplege pasientforløp
- Høve til å delta i systematisk utviklingsarbeid og forsking
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Barnehage i nærområdet, driven av Helse Bergen
- Arbeidsstad i Sandvikenområdet –Nye Sandviken
- For interne søkjarar i Dvisjon psykisk helsevern: Moglegheit for permisjon frå noverande stilling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Marthe Halvorsen Kjærstad, Konst. avdelingssjef, 90936016, marthe.halvorsen.kjærstad@helse-bergen.noCecilie Engelsgjerd Eikestad, Seksjonsleiar, 55958878, cecilie.engelsgjerd.eikestad@helse-bergen.no
Susanne Karlsen, Konst. ass. avdelingssjef, 48110709, susanne.karlsen@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5025319383
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c4a7c5a9-3031-4aed-83ba-70e065717def
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3f417c152b2741a99ce6d60c9e90d99b