Helsefagarbeidar- fast stilling ved Vestre Slidre helsetun
Vestre Slidre kommune
Slidrevegen 16, 2966 Slidre, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar- fast stilling ved Vestre Slidre helsetun
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 19. august
Vestre Slidre kommune treng helsefagarbeidar i Helsetunet. Helsetunet består av 20 institusjonsplassar, desse for menneske som har utfordringar som gjer at dei ikkje kan bu heime lenger. I tillegg til desse har vi 12 heildøgnsbemanna omsorgsbustader for menneske med kognitiv svikt og alderspsykiatri. Heimetenesta ligg også i Helsetunet og vi har eit tett samarbeid med dei.
Vi har ledig 100%, fast stilling, denne kan reduserast noko hvis du som søkjar ynskjer det. Tiltredelse 1.november 2025, men gjerne tidligare om det er mogleg. Det er turnus dag/seinvakter, og med jobb kvar tredje helg vanlege vakter, eller hvis du ynskjer kan du få jobbe langvakter kvar sjette helg.
Vi ynskjer ein helsefagarbeidar som brenn for faget sitt.
Ta kontakt ved spørsmål.
Arbeidsoppgåver
- Stell, pleie og veiledning
- Pasientoppfølging
- Medikamentadministrasjon
- Kartlegging og oppfølging
- Journalføring
- Kontakt med pårørande
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som hjelpepleiar/helsefagarbeidar
- God vurderingskompetanse i forhold til eit klinisk blikk
- Grunnleggjande datakunnskapar for å ta i bruk journalsystem og andre dataprogram som er i bruk
- Gode norskkunnskapar - munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest må leverast
Personlege eigenskapar
- Kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner innad i avdelinga og på tvers av faggrupper
- Vere fleksibel og løysingsorientert
- Evne til å skape framdrift åleine, men og ilag med andre
- Vera ein god lyttar og vera god på å kommunisere
- Stor arbeidskapasitet
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
- Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Kontaktinformasjon
Bente Haugen, Tenesteleiar helsetunet, 99690622, bente.haugen@vestre-slidre.kommune.noArbeidsstad
Slidrevegen 162966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 4999317884
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.noSektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c4a002f0-6c7f-4946-a3a1-da79ccd27dd0
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5be7a9ca51594ac3a60cdca60c2986e3