Helgestillingar - Heimetenester Os
Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os
Holen 1, 5200 Os, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 12%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest mandag 20. oktober
Har du eit hjarta for eldreomsorg med ønske om ein god arbeidsplass og spennande utfordringar? Då kan du vera den rette for oss!
Vi har ledig faste helgestillinger i omlag 12 % stilling frå snarast.
Arbeidsstad
Heimetenester Os - Fleire avdelingar
Arbeidsoppgåver
Vårt mål er at alle brukarar skal få bu i eigen heim så lenge dei kan.S tillinga inneber difor praktisk bistand i private heim. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart.
Du vil sjølvsagt får opplæring der arbeidsoppgåvene i hovudsak er:
- Personleg hygiene
- Tilberede mat
- Administrere og utlevere medisner
- Motivere brukar til å vere best i stand til å klare seg sjølv
- Snakke med og støtte brukar
- Helsefagarbeidarelever, sjukepleiarstudenter og andre med relevant helsefagleg erfaring
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Andre uten helsefagleg erfaring/utdanning kan og søkje
- Førarkort kl. B
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Bestått Norsk-kurs nivå B1/B2 for søkjarar utanfor Norden
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar- Du er ein positiv, motivert og engasjert medarbeidar
- Du er nytenkande, løysningsorientert og har evne til å jobbe sjølvstendig
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr- Løn etter gjeldande avtalar. Sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, samt helsesjukepleiarar i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar. Vi har studentavlønning.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c484e786-42fc-434f-ab86-e2619aed5ccf
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3547043_196057_nn