Forskar kulturlandskap
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)
Oluf Thesens vei 43, 1430 Ås, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Forskar kulturlandskap
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk, skandinavisk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 4. september
Nøkkelinformasjon
Vi ser etter deg som har ønske om å jobbe i skjæringspunktet biomangfold og matproduksjon. Konkret søkjar vi deg som har kompetanse på pollinerande insekt og økosystemtenestene dei bidrar med landbruket. Vi ser at det er eit potensiale for både praktisk og teoretisk orienterte forskingsprosjekt (Fou-prosjekt) og oppdrag innan lanbrukspollinering i Noreg og vi ønskjer derfor å styrkje det eksisterande fagmiljøet vårt innan denne tematikken.
Vi søkjer derfor ein som kan vidareutvikle dette fagfeltet i samarbeid med næringsliv og forvaltning og derigjennom bidra til auka matproduksjon og betre forvaltning av kulturlandskapets biomangfold.
Arbeidsstad er på Ås, men det er forventa at ein også bidrar med feltarbeid andre stadar i landet.
Hovudoppgåvene til stillinga
- Utvikle nye FoU prosjekt og ta oppdrag for næring og forvaltning innan landbrukspollinering og tilstøtande tematikk
- Bistå på eksisterande prosjekt i avdelinga og i NIBIO i stort
- Oppgaver knytt til naturkartlegging (NiN), konsekvensutgreiingar og naturovervaking (ASO, ANO mm.) i heile landet
- Den som blir tilsett bidrar til prosjektutvikling og samarbeid med andre fagavdelingar, då spesielt Frukt og grønt og Skadedyr i jord-, skog, og hagebruk
Kvalifikasjonskrav
- Doktorgrad i botanikk/plantevitskap/økologi/zoologi/naturforvaltning
- Godt kjennskap til dataanalysar og GIS
- Førerkort klasse B - eller ta dette innan fire månadar etter oppstart
- Gode kommunikasjonsevner på norsk (eller skandinavisk språk) og engelsk
- Stillinga medfører mykje feltarbeid og den som blir tilsett må vere i stand til å gjennomføre det
Det er ein fordel om du har
- God kjennskap til norsk natur og dei norske semi-naturlige økosystema spesielt (kulturlandskapet), med tilhøyrande artsmangfold
- Erfaring med økologiske problemstillingar rundt arealbrukendringar, gjengroing, framande artar, naturrestaurering, skjøtselstiltak, artsmangfold og økosystemtenester
- God kjennskap til norsk landbruk, grøntsektoren spesielt
- Erfaring med naturkartlegging og -overvaking (NiN, ANO, ASO, GRUK og liknande)
- Eit godt nettverk mot næringsaktørar, forvaltning og forskingsmiljø
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å utvikle eigne prosjekt og jobbe sjølvstendig
- Evne til å sjå moglegheiter og å samarbeide på tvers av organisasjonen
- Evne til å kommunisere godt med næringsaktørar, forvaltning og forskingsmiljø
Vi tilbyr
- Moglegheit til å jobba med eit viktig samfunnsoppdrag med fokus på berekraft og framtidsretta prosjekt
- Utfordrande, spennande og varierte oppgåver i tverrfaglege team
- Ein fleksibel kvardag med moglegheit til å påverka eigne arbeidsoppgåver
- Eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer
- Ein raus personalpolitikk med velferdsordningar og fokus på dei tilsettes ulike livsfaser
Stillinga er plassert i det statlege lønsregulativ som forskar kode 1109, årsløn kr 615.000 - 750.000. Løna vert vurdert etter utdanning og erfaring.
Medlemskap i Statens Pensjonskasse, noko som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, og tilbod om bustadlån til ei gunstig rente.
Les meir om NIBIO som arbeidsgjevar her: Jobb i NIBIO
Korleis søkja på stillinga
CV sendar du elektronisk via lenkje på denne sida, "søk stillinga".
I staden for søknadsbrev ber vi deg svare på nokre spørsmål.
Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju, eller leggjast ved elektronisk.
NIBIO gjennomfører bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar via samarbeidspartnaren vår Semac AS.
. Video: https://youtu.be/6mZySoUgD2QAndre opplysingar
Vi legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkja - uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Som statleg verksemd har vi moglegheit til å gi ein positiv særbehandling for søkjarar som har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn. Positiv særbehandling inneber mellom anna at du lettare vil komma til intervju.
Les meir om dette her.
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan verte gjorde offentlege, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Ein søkjar kan be unntak frå oppføring på den offentlege søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) arbeider med landbruk, mat, klima og miljø. Vi leverer forsking, forvaltingsstøtte og kunnskap til bruk i nasjonal beredskap, forvalting, næringsliv og samfunnet elles. NIBIO har hovudkontor i Ås i Akershus, har om lag 750 tilsette, og er til stades i alle landsdelar. Landbruks- og matdepartementet er eigar av NIBIO.
Avdeling Kulturlandskap og biomangfold har ei brei verksemd som omfattar forsking, overvaking, registrering og rådgiving innan kulturlandskap, biologisk mangfald, naturtypar og økosystemtenester. Sentrale oppgåver er forsking på kunnskapsgrunnlag og metodeutvikling for rammeverktøy til bruk i nasjonal forvaltning. Vi leverer skjøtsels- og forvaltningsplanar for verneområde, utvalde kulturlandskap, verdsarvområde og bygdemiljø. Vi jobbar også tverrfagleg innan tematikken «heilskapleg kulturlandskap», der samspillet mellom natur- og kulturverdiar er viktig.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c483108c-c119-4880-ada8-bfcfa1670af8
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10260017