Prosjektleiar IT
NOKUT
Drammensveien 288, 0283 Oslo, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektleder IT
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 3. oktober
Om stillinga
I rolla som prosjektleiar vil du ha ansvar for å leie og koordinere prosjekt som forbetrar og utviklar våre digitale tenester. Du vil ha eit overordna ansvar for forvaltninga av IT-løysingane våre, sikra optimal drift og kontinuerleg utvikling. Det er ønskjeleg med 1–2 års erfaring med å ha arbeidt innanfor relevante arbeidsområde, gjerne innan offentleg sektor.
Stillinga er sjølvstendig og krev evne til å ta initiativ og drive prosessar framover, samtidig som du har eit viktig ansvar for å informere, rapportere og involvere relevante aktørar. Du vil få ei sentral rolle i arbeidet med kunstig intelligens (KI), der du både bidrar med kompetanse og får høvet til å vere med på den spennande reisa med å utvikle og innføre KI-løysingar i NOKUT.
Dette inneber å utforske nye teknologiske mogelegheiter, identifisere område der KI kan skape verdi, og sikre at implementeringa skjer på ein trygg, effektiv og transparent måte, under høve til gjeldande lovar og reglar.
Seksjon IT er ein del av fellestenester i NOKUT. Avdelinga har totalt 20 stillingar der 8 av stillingane er i seksjon for IT. I tillegg bruker vi i stor grad eksterne konsulentar.
Seksjonen varetar den daglege drifta av IT-løysingar, forvaltar arkivtenesta og driv kontinuerleg utvikling av digitale tenester og system. Arbeidet er organisert i fleire team, og denne stillinga inngår i utviklingsteamet.
Avdelinga fellestenester sit i ope kontorlandskap og har ansvaret for dei interne fellesfunksjonane økonomi, HR, IT, arkiv og administrasjon.
Vi har ei viktig rolle i arbeidet med å utvikle NOKUT som organisasjon og bidrar til å sikre ein heilskapleg og effektiv praksis i tråd med strategiar, retningslinjer og andre regelverk.
Arbeidsoppgåver
- leie og gjennomføre IT-prosjekt frå initiativ til implementering. Dette inkluderer planlegging, tids- og ressursstyring, risikohandtering og rapportering
- følgje opp leverandørar for IT-løysingar og utviklarteam
- rapportere framdrift og planar til leiar og annan leiing i NOKUT
- forvalte og vidareutvikle NOKUT sine digitale løysingar, inkludert system for saksbehandling, datainnsamling og analyse
- samarbeide tett med interne og eksterne interessentar for å identifisere behov og definere løysingar
- sørgje for at IT-løysingane er i samsvar med gjeldande lovar, forskrifter og beste praksis innan informasjonssikkerheit
Kvalifikasjonar
- minimum 1–2 års relevant erfaring
- utdanning på bachelornivå eller høgare innan teknologi, digitalisering, informatikk, prosjektleiing eller liknande
- god kjennskap til IT-forvaltning og digitaliseringsprosessar
- god formulerings- og kommunikasjonsevne på norsk, skriftleg og munnleg
- kjennskap til regelverk for informasjonssikkerheit og personvern (GDPR)
- erfaring med metodikkar som Scrum, PRINCE2 eller liknande er ein fordel
- erfaring med bruk eller implementering av kunstig intelligens eller automatiseringar ein fordel
Personlege eigenskapar
Vi ser for oss at du
- er dyktig til å byggje gode relasjonar mellom fag og IT og har sterke kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er strukturert, resultatorientert og vant til å arbeide sjølvstendig
- er interessert og har god forståing for korleis digitalisering kan bidra til betre og meir effektive tenester og prosessar
- er proaktiv og løysingsorientert med sterk gjennomføringsevne
- har gode analytiske ferdigheiter og ei heilskapsforståing
har evne til å inspirere og motivere teamet til å nå felles mål
Vi tilbyr
- Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver innanfor eit komplekst og meiningsfullt område
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte, morosame og hyggjelege kollegaer med kloke hovud og ei interesse for jobben dei gjer
- Moderne og nyoppussa lokale rett ved Lysakers strandlinje med kort avstand til kollektivknutepunkt (10 min. med tog frå Oslo S) og gode sykkelstiar
- Gunstig pensjons- og forsikringsordning igjennom Statens pensjonskasse, som også tilbyr eit av dei billigaste bustadlåna i marknaden
- Gode velferdsordningar som fleksibel arbeidstid, mogelegheit for heimekontor 1–2 dagar i veka, trening i arbeidstida, gymsal med garderobe, mobiltelefonordning, sykkelparkering innandørs og subsidiert kantine
Stillinga lønast i rolla som rådgivar med ei årsløn mellom 550.000–745.000 kr, avhengig av kvalifikasjonar.
Vi ønskjer å spegle samfunnet
Vi i NOKUT meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Har du nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, kan det vere du har ei livserfaring og eit perspektiv som berikar arbeidsplassen vår fagleg og sosialt. Me legg til rette med til dømes fleksible arbeidstider, tekniske hjelpemiddel og tilpassa kontorlokale. Me kallar alltid inn minst ein kvalifisert søkar til intervju som har denne livserfaringa.
Vegen vidare
Send søknaden din elektronisk via "Søk stillingen" øvst på denne sida.
Vi ber om at du lastar opp digitalt signerte vitnemål, direkte frå Vitnemålsportalen, og dessutan attestar under "Vedlegg" når du søkjer på stillinga.
Har du utdanning frå utlandet legg du ved ei godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
I samsvar med offentlegloven § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkar kan bli offentleggjort sjølv om søkar har bedd om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
NOKUT – Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga – er eit statleg forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. NOKUTs oppgåver inkluderer å føre tilsyn med kvaliteten i høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning, og å stimulere til kvalitetsutvikling som sikrar eit høgt internasjonalt nivå i utdanningstilboda ved institusjonane.
Vi har rundt 100 tilsette og held til på Lysaker. Arbeidet vårt skal vere prega av verdiane påliteleg, imøtekomande og nytenkande.
I avdeling for fellestenester har vi ansvaret for dei interne fellesfunksjonane økonomi og styring av verksemd, HR, digitalisering og IT, arkiv, lokale og administrative støttefunksjonar.
Vi har ei viktig rolle i arbeidet med å utvikle NOKUT som organisasjon og bidrar til å sikre ein heilskapleg og effektiv praksis i tråd med strategiar, retningslinjer og andre regelverk. I tillegg yter vi i avdelinga service og gir støtte til dei andre avdelingane i den daglege drifta av NOKUT.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c4810208-498b-4d3d-9345-cb0b43bb9e81
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10262793