Hopp til innhold

100% vikariat fagarbeidar

Arbeidsgiver

Sirdal kommune

Sted

Tonstadveien 28, 4440 Tonstad

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidar ved Tonstad skule ledig for snarleg tiltreding
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 10. september

Det blir ledig 100% vikariat som fagarbeidar ved Tonstad skule i perioden 7.09.26 - 31.12.26

Tonstad skule har om lag 190 elevar og ligg i kommunesenteret Tonstad. Skulen er ein kombinert skule med 1. – 10. trinn og SFO-tilbod. Skulen er oppteken av læring i eit inkluderande læringsmiljø og arbeider med å bygge gode profesjonsfellesskap. Kommunen satsar på og prioriterer barn og unge, og skulen har god vaksentettleik.
Tonstad skule ligg i kommunesenteret Tonstad, med kort veg til idrettshall med idretts- ogfotballbanar, fotballhall, kulturhus og ei fin strand ved elva Sira. Skulen har eit moderne bygg og stort uteområde med mange moglegheiter for aktivitetar. Symjehallen ligg vegg i vegg med skulen og Tonstad barnehage er næraste nabo. Det er korte avstandar til alt du treng. Er dette noko for deg, så kom til oss!
Sirdal kommune har gode velferdstilbod til sine tilsette, som mellom anna tilgang til leilegheit midt i Kristiansand og hytte nær sjøen. Det er gode tilbod om barnehage og SFO i heile kommunen.

Arbeidsoppgåver:
Skulen treng ein tilsett som skal ha ansvar for å følgje opp elevar i SFO og skule.
Arbeidsoppgåver i SFO må påreknast i heile SFO si åpningstid, òg i feriar der SFO har tilbod,etter avtale.
Den som blir tilsett vil samarbeida med andre på laget rundt elevane, som t.d. lærarar, SFO-leiar, andre SFO-tilsette og skulen si leiing.
Du vil mellom anna få ansvar for:
* ulike elevretta oppgåver i skuletida, som t.d å hjelpa enkeltelevar med utfordringar i fag,struktur eller åtferd
* å planleggja og gjennomføra aktivitetar i SFO
* deltaking i års- og månadsplanlegging i SFO, jamfør rammeplan

Ønska kvalifikasjonar:
Vi ønskjer søkjarar med utdanning innan barne- og ungdomsarbeidarfaget. Anna relevant kompetanse og praksis, samt personlege eigenskapar vil bli vurdert. Den som blir tilsett,må levera godkjend politiattest og dokumentera kompetanse i både munnleg og skriftleg norsk tilsvarande B2-nivå.

Den som blir tilsett må kunna tiltre snarast.

Personlege eigenskapar:
Vi søkjer deg som:

* deltek i det pedagogiske arbeidet med elevane
* er tydeleg, reflektert og ansvarleg, både overfor elevar og vaksne
* er varm og grensesetjande
* har pågangsmot og evne til å handtera og stå i uforutsette og utfordrande situasjonar
* er serviceinnstilt, profesjonell og ansvarleg
* har evne til å vera i utvikling og reflektera over eigen praksis
* har evne til å jobba på lag i eit team, samt å vera sjølvstendig
* er positiv til endringar og glad i barn og ungdom

Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetjing.

Anna:
Opningstidene i skulefritidsordninga er for tida 06.45-16.00, fordelt på morgonøkt 06.45-08.50 og ettermiddagsøkt 13.35-16.00 alle dagar utan onsdagar. Onsdagar og heile dagar iferietilbodet har same opningstid.
For stillinga gjeld:
Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Tilsettingsforholdet er med Sirdal kommune, ikkje den einskilde arbeidsstaden.
Den som blir tilsett, må levera godkjend politiattest før tiltreding jf. §17-11 i opplæringslova.
Me tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, forrett etter HTA eller vedovertal.

Søknad til stilling i Sirdal kommune, skjer ved å nytta elektronisk søknadsskjema.
Spørsmål om stillinga kan du retta til rektor Petter Røssland tlf 971 62 627

Kort søknadsfrist: 10.09.26

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Petter Røssland

+47 97162627

petter.rossland@sirdal.kommune.no

Om bedriften

Sirdal er ein attraktiv kraft- og reiselivskommune i Agder med kort veg til Rogaland og Stavanger. I Sirdal fin du eit trygt og godt oppvekstmiljø med mange kultur- og fritidstilbod. Spesielt er høvene for friluftsliv unike både sommar og vinter. Kommunen har eit godt utbygd tjenestetilbod på alle områder, med bla. ny skule og full barnehagedekning.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c47d7219-7b14-47c3-ae9d-dc25e9f34a31

Sist endret

1. september 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3657865_204613_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser