kontaktperson
Nome og Midt-Telemark barnevern
Gvarvgata 45, 3810 Gvarv
Om jobben
- Stillingstittel
- Kontaktperson - fast
- Oppstart
- 1. mars 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 21. januar
Har du lyst til å bidra til gode oppvekstvilkår for barn og unge i Nome og Midt-Telemark kommune? Er du ein trygg vaksen, god på relasjonsbygging, tillitsskapande og kjem lett i dialog med både barn og vaksne? Dersom du i tillegg trivst i ein hektisk og variert arbeidshverdag, likar kombinasjonen av brukarkontakt og saksbehandling, er kreativ, engasjert og har godt humør, då er det nettopp deg vi søkjer. For å trivast hos oss må du like å jobbe i team, vere fleksibel og ha gode samarbeidsevner.
Barneverntenesta har stort fokus på medverknad frå barn, kvalitet i arbeidet og fagutvikling. Vi er opptekne av tillit, samarbeid og kontinuitet for dei familiane og samarbeidspartnarane som er i kontakt med oss. Dette ser vi på som viktige faktorar for å få til nødvendig og godt endringsarbeid.
Nome og Midt-Telemark barnevern er ei felles barnevernteneste for kommunane Nome og Midt-Telemark. Tenesta har lokaler i Bø. Barneverntenesta er organisert i to avdelingar, der det blir arbeidd med undersøking, tiltak, fosterheim og ettervern. Arbeidsoppgåvene er mange og varierte. Det er for tida 25 stillingar i tenesta.
Nome og Midt-Telemark barnevern kan tilby deg ein meiningsfull og betydningsfull arbeidshverdag, med gode faglege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø. Tenesta har stort fokus på fagleg utvikling, både på systemnivå og for den enkelte. Det blir lagt til rette for at alle skal oppleve meistring og få utviklingsmoglegheiter som styrkjer den enkelte og utvidar vår faglege kompetanse.
Nome og Midt-Telemark barnevern satsar på kompetanseutvikling hos alle tilsette, både individuelt og på systemnivå, og er ein del av eit læringsnettverk. Der blir det mellom anna arbeidd med kompetanseutvikling på fosterheimsområdet. Tenesta har som ein del av læringsnettverket også eit ressursteam. Dette består av miljøterapeutar, fosterheimsrådgivar og psykolog.
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling etter lov om barnevern, i tråd med forskrifter, rettleiingar, rutinar og avtalar.
- Saksbehandling – herunder ansvar for framdrift i sak, kvalitet og dokumentasjon.
- Arbeid i tråd med barneverntenesta sin internkontroll, mål og fokusområde.
- Halde seg fagleg oppdatert.
- Partsrepresentant i barneverns- og helsenemnda.
- Vere bidragsytar i fagleg utviklingsarbeid i tenesta.
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar- Barnevernspedagog, sosionom eller anna relevant utdanning på minimum bachelor nivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for grunnutdanningskravet.
- Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne og kunne handtere ein hektisk kvardag.
- Relevant vidareutdanning
- Du må ha evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og strukturert.
- Gode digitale ferdigheiter
- Ønskjeleg med erfaring frå barnevernsfeltet
- Krav om politiattest, jf. Barnevernsloven § 12-11. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
- Førarkort kl. B
- Fordel å disponere egen bil, men ikke et krav
Personlege eigenskapar
Tenesta ønskjer deg som:
- Er omstillingsdyktig og fleksibel
- Er ein lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø saman med kollegaer og leiarar
- Er løysingsorientert og endringsvillig, og trivst med tidvis høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
- Er oppteken av medverknad frå barn og har haldningar som representerer dette
- Har gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Givende arbeid i eit godt arbeidsmiljø med høy faglig kompetanse
- God opplæring med fadderordning
- Spennande og utfordrende arbeidsoppgaver
- Fleksibel og variert arbeidshverdag
- Flere sosiale tiltak for å bygge opp under et godt arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid (kjernetid fra 09.00-14.00)
- Et arbeidssted opptatt av fagutvikling
- Fast veiledning for nyansatte
- Engasjerte kollegaer i et godt arbeidsmiljø
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Anne Storhaug, Einingsleiar, +47 91852855Arbeidsstad
Gvarvgata 453810 Gvarv
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5051707171
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 21.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Anne Storhaug
Einingsleiar
+47 91852855
Om bedriften
Me ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c43939f4-5f7c-47c6-a0f8-7247d7f1c550
- Sist endret
8. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8c2e71d014694948ad4738bd59e77cd6
Lignende annonser
Fagutvikler i interkommunalt ressursteam, prosjektstilling
Arbeidsgiver
Notodden kommune Barnevern i Notodden og Hjartdal
Sted
Notodden
Arbeidsgiver
Einaren, Skien kommune
Sted
Skien
Beredskapshjem barn og ungdom
Arbeidsgiver
Omsorgsgruppen AS
Sted
Akershus, Finnmark, Innlandet, Møre og Romsdal, Nordland, Oslo, Rogaland, Telemark, Troms, Trøndelag, Vestfold, Vestland, Østfold