Barnehagelærar
Oppvekst og kulturetaten
Sjøgata 63, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Barnehagelærar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. september
Ulstein kommune har fire kommunale barnehagar; Høddvoll barnehage, Sundgotmarka barnehage, Sætra barnehage og Almejordet barnehage. Almejordet og Sætra barnehage skal etter planen flyttast og slåast saman til ny barnehage på Skeide frå barnehageåret 2027/2028. Her kan du lese meir om barnehagane.
Vi vil frå desember ha ledig stilling som barnehagelærar i Sætra barnehage.
Vi er på jakt etter ein topp motivert, engasjert og kvalitetsbevisst barnehagelærar som kan legge til rette for leik og trygge relasjonar.
Barnehagane arbeidar med uteliv og inkluderande barnehagemiljø, der gode naturopplevingar og alternativ kommunikasjon (ASK) er sentrale deler av kvardagen. Dei tilsette arbeidar ut frå tanken om at barna skal vere i sentrum, og at barn er verdifulle, kompetente og sosiale.
Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet i samhandling med andre tilsette
- Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av enkeltbarn og barnegrupper
- Påverke og delta i endrings- og utviklingsarbeid
- Samhandling med andre instansar
- Medverke til godt foreldresamarbeid
- Ha kunnskap og handlingskompetanse om barnas leik, leikemiljø og kunne delta og rettleie barn i leik
- Gjennomføre og delta i avdelingsmøte, personalmøte, foreldremøte, utviklingssamtalar m.m.
- Rettleie kollegaer for å fremme eit godt leike- og læringsmiljø med fokus på gode relasjonar
Kvalifikasjonar
- Krav om godkjend utdanning som barnehagelærar
- God relasjons- og leikekompetanse
- God munnleg og skriftleg kompetanse og digitale ferdigheiter
- Gode leiareigenskapar med evne til å jobbe sjølvstendig og bygge gode lag rundt barna
Personlege eigenskapar
- Gode kommunekasjon- og samarbeidsevne
- Løysingsorientert
- Autoritativ
- God motivator
- Evne til å vere strukturert og handtere fleire oppgåver samtidig
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Det er viktig at du kan arbeide i tråd med kjerneverdiane til kommunen:
Nyskaping - omsorg - rausheit - mangfald
Vi tilbyr
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Varierande og spennande arbeidsoppgåver
- Nydeleg nærmiljø med sjø, skog, fjell, strand, parkar og dyr rett utanfor døra
- Autonomi
- Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
- Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ
Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest etter barnehagelova §19
Kontaktinformasjon
Karoline Møller , Styrar Sætra barnehage , 98845843, karoline.moller@ulstein.kommune.noArbeidsstad
Sjøgata 636065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetatenReferansenr.: 5165511567
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c436b875-5cfb-4d37-9fbd-0bc5acb28314
- Sist endret
21. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fec946df88c645178b5e67747c017843