Fastlege/tilsynslege
Sveio kommune
Leitevegen, 5555 Førde i Hordaland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fastlege/tilsynslege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 15. september
Om stillinga
Førde legekontor er eitt av tre legekontor i kommunen, og er lokalisert i Førde ca. 10 min. køyring frå Sveio sentrum. Førde legekontor er eit veldreve legekontor med kompetent hjelpepersonell, og kor ein pr. dags dato har 2.200 listepasientar fordelt på 3 kommunalt tilsette fastlegar.
Me har ledig 100% fast stilling som fastlege med fastlegeliste med tak på 800 pasientar (pr. dags dato 600). I stillinga inngår og tilsynslegefunksjon på kommunen sitt omsorgssenter med 20% stillingsstorleik.
Sveio er saman med 5 andre kommunar med i eit interkommunalt legevaktsamarbeid, og tilsett lege må pårekna deltaking i legevakt (inntil 2-3 vakter i månaden)
Kommunestyret i Sveio vedtok i sommar å slå saman legekontora i kommunen til eit felles legekontor.
Arbeidsoppgåver
- Fastlege for liste med tak på 800 pasientar
- Tilsynslege 20% (1 dag i veka)
- Tilplikta legevakt i interkommunal legevakt (Haugesund kommune vertskommune)
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege med spesialisering i allmennmedisin. Legar utan spesialisering i allmennmedisin kan og søkja, då kommunen vil tilretteleggja for spesialisering i allmennmedisin (ALIS)
- Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg.
- Det blir stilt krav om politiattest i tråd med lov om helsepersonell
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Fleksibel og serviceinnstilt
- Kvalitetsbevisst, nøyaktig og strukturert
- Oppteken av å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Stillinga er avløna med fast løn + provisjonsavtale
- Kommunal tilsetjing med fastlønn skjer etter gjeldande regelverk, og med pensjonsordning i KLP.
- Kommunen er open for å drøfta andre driftsformar enn kommunal fast tilsetjing (privat næringsverksemd eller 8.2 avtale) om ønskeleg.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c3a489f2-f716-4ffd-9917-e7f46c2d83b9
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10259669