Hopp til innhold

Kommunikasjonsrådgjevar

Arbeidsgiver

Universitetet i Stavanger

Sted

Adresse mangler, 4036 Stavanger

Om jobben

Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgiver
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 13. september

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig eit vikariat som kommunikasjonsrådgjevar ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet, fakultetsadministrasjonen. Vi ønskjer oppstart så snart som mogleg. Vikariatet varer til 31.12.2027, med moglegheit for forlenging.

Vi søkjer ein serviceinnstilt kommunikasjonsrådgjevar som vil vere med på å løfte fram studietilboda innan teknisk-naturvitskaplege fag og inspirere studentar. Du får ei sentral rolle i arbeidet med innhald og kommunikasjon i ulike kanalar, retta mot potensielle studentar og andre relevante målgrupper.

Stillinga passar for deg som trivst med ein variert kommunikasjonskvardag, har eit godt blikk for kva som fungerer i digitale kanalar, og likar å omsetje informasjon til tydeleg og engasjerande kommunikasjon. Du vil arbeide tett med  instituttleiarar, studentorganisasjonar og linjeforeiningar. 

Ein viktig del av jobben er å ta initiativ og drive arbeidet framover. Vi ser etter deg som ser moglegheiter, kjem med idear og utfordrar oss til å kommunisere betre og tenkje nytt. Du vil få stor tillit og gode moglegheiter til å forme arbeidet ditt.

Du blir ein del av fakultetsadministrasjonen, som består av ti medarbeidarar. Samstundes blir du ein del av UiS sitt større fagmiljø for kommunikasjon og samfunnskontakt. Her deltek du mellom anna i faste kommunikasjonsfaglege samlingar og i samarbeid om studentrekruttering på tvers av universitetet.


Hovudoppgåver

  • profilere og marknadsføre utdanningane ved fakultetet
  • planleggje og gjennomføre kommunikasjons- og rekrutteringsaktivitetar
  • utvikle og produsere innhald til nettsider og andre digitale kanalar
  • identifisere gode historier og aktuelle saker, og bidra med innsalg til media
  • samarbeide med studentorganisasjonar og linjeforeiningar om rekruttering og kommunikasjon
  • ha kommunikasjonsansvar i samband med mellom anna semesterstart og open dag
  • bidra i nasjonale og internasjonale rekrutteringsaktivitetar
  • følgje opp og vurdere effekten av kommunikasjons- og marknadsføringstiltak
  • ta bilete og produsere enkelt visuelt innhald ved behov

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • høgare utdanning innan kommunikasjon, marknadsføring eller journalistikk, fortrinnsvis på masternivå. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • relevant erfaring med kommunikasjons- og/eller marknadsføringsarbeid
  • erfaring med bruk av relevante IT-verktøy og innsikt i strategisk bruk av sosiale medium
  • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (begge målformer) og engelsk

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • har innsikt i informasjonstrygging og personvern
  • har erfaring med arbeid på nettsider og bruk av publiseringsløysingar
  • har erfaring med medieinnsalg eller pressearbeid
  • har erfaring med foto eller enkel visuell innhaldsproduksjon
  • tek initiativ og driv arbeidet framover på eiga hand
  • er kreativ og ser moglegheiter
  • er omgjengeleg, serviceinnstilt og lett å samarbeide med
  • trivst med mange kontaktflater og byggjer gode relasjonar
  • er fleksibel og komfortabel med ein variert arbeidskvardag

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling
  • ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 550.000 - 650.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare lønn bli vurdert.
    Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Mangfald er ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet ved UiS. Når me har ulike bakgrunnar og røynsler, kan me sjå utfordringar frå fleire vinklar og finna betre løysingar. På UiS er me opptekne av å visa respekt for ulikskapane våre, og legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.
Me tek omsyn til behova dine og situasjonen din i ulike livsfasar.

Synest du denne stillinga er interessant, oppmodar me deg til å søkja, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn, eller om du i ein periode har vore utanfor arbeidslivet.

Er det kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, inviterer me minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenner du deg att i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår. Les meir om krava for å verta vurdert som søkjar i desse gruppene her.

Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli prioritert.


Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 100 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser
korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.


Kontaktpersoner for stillingen

Kaja Gjersem Nygaard

Head of Office

+47 51833501

kaja.nygaard@uis.no

Kristin Skadsheim

HR-rådgiver

+47 51832427

kristin.d.skadsheim@uis.no

Om bedriften

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2.200 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for grøn og berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.

I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar.  Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Fakultetet har sterke band til både forskingsinstitusjonar og industri. Nesten 40 % av budsjettet er eksternt finansiert. Studentane våre har tett kontakt med næringslivet, og mange master- og doktorgradsoppgåver blir skrivne i samarbeid med industrien. Fakultetet har etablert forskingssamarbeid med universitet over heile verda, og har fleire fagmiljø som er internasjonalt leiande. Fakultetet har om lag 3000 studentar og rundt 500 tilsette fordelte på fakultetsadministrasjonen og seks institutt: institutt for data- og elektroteknikk, institutt for maskin, bygg og materialteknologi, institutt for matematikk og fysikk, institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi, institutt for energi- og petroleumsteknologi og institutt for tryggleik, økonomi og planlegging.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c34603e9-3b03-4e12-9863-5f9c57e2f382

Sist endret

21. august 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10306486

Lignende annonser

Laster lignende annonser