Hopp til innhold

Fagkoordinator

Arbeidsgiver

Nav Askøy // Avdeling Arbeidsliv

Sted

Gamle Kleppestøvegen 2, 5300 Kleppestø

Om jobben

Oppstart
1. oktober 2026
Stillingstittel
Fagkoordnator Avdeling Arbeidsliv
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 15. september

Ønsker du å gjere ein forskjell i menneske sine liv og fremme overgang til arbeid og aktiv deltaking i samfunnet? Bygger du gode relasjonar og er god til å koordinere, samarbeide og motivere for å finne gode løysingar? Har du interesse for utvikling og offentleg forvaltning og ser dei viktige detaljane? Då kan det vere deg vi treng på Nav Askøy!

Nav Askøy har ledig fast stilling som fagkoordinator i avdeling Arbeidsliv. I avdelinga arbeider vi med sjukefråværsoppfølging, arbeidsretta oppfølging og oppfølging etter sosialtjenesteloven, hovudsakleg til personer over 30 år. Vi har også overordna ansvar for gruppetiltaka i kontoret og back-office. Som fagkoordinator vil du inngå i, og ha fagleg ansvar for fagteama for oppfølging av sjukefråvær og arbeidsretting. Du vil også bistå heile kontoret i faglege spørsmål og avklaringar. 50% av stillinga vil innebere oppfølging av brukarar.

På Nav Askøy har vi eit svært godt arbeidsmiljø, med dedikerte og inkluderande tilsette. Vi er opptekne av kompetanseutvikling, og har frivillige sosiale grupper som løper, badar og trener yoga.

Vårt kontor har 70 tilsette fordelt på 4 avdelingar. Vi held til i nye, aktivisertbaserte lokale på Kleppestø Senter, 12 minutt med båt frå Bergen sentrum. Med bil eller buss køyrer du køfritt frå Bergen til Askøy.   

Nav Askøy er regionkontor i Region vest og vi samarbeider tett med Nav Øygarden i regionen.


Kva går jobben ut på?

  • vere fagleg oppdatert og bistå dei andre i kontoret
  • koordinere teama i tråd med samfunnsoppdraget og mål 
  • legge til rette for kontinuerleg forbetring 
  • bidra til utvikling og godt samarbeid internt og eksternt
  • kartlegge og følge opp deltakarar i eigen portefølje
  • leie fagmøte
  • delta i opplæring i kontoret og i regionen

Nav er i kontinuerlig utvikling og endring i arbeidsoppgåver og ansvar må påreknast.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

  • fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
  • god erfaring frå arbeid med oppfølging av menneske i ulike livsfasar 
  • rettleiings- og/eller inkluderingskompetanse
  • erfaring frå motivasjonsarbeid
  • gode muntlige og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk
Det ein fordel om du har
  • god kjennskap til samfunnsoppdraget og tenestene til Nav
  • god forståing for teamarbeid og teamutvikling
  • erfaring frå koordinering av team
  • erfaring frå prosessleiing

Har du utdanning frå utlandet, ber vi om autorisert omsetting og godkjenning frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no/).

Kva ser vi etter hos deg?

  • du er god til å kommunisere med ulike menneske og skaper gode og trygge relasjonar med kollegar, brukare og samarbeidspartnarar
  • du kommuniserer informasjon, forventingar og tilbakemeldingar tydeleg og på ein inkluderande måte
  • du jobbar heilskapleg og løysingsorientert, med høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • du kan prioritere, har god oversikt over oppgåver og har evne til å handtere uventa hendingar
  • vidare er du fleksibel, sjølvgåande, har evne til eigenmotivasjon, arbeider strukturert og er trygg på å bruke ulike system

Kvifor velje oss?

  • ei meiningsfull rolle i eit viktig samfunnsoppdrag
  • spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • moderne og helsefremmende kontorlokale (ABW - aktivitetsbasert arbeidsplass)
  • fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
  • stillingskode 1364 som seniorrådgivar i lønsspenn frå kr 700 000 til kr 760 000 per år. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse 

Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Monica Sandstå Hansen, Avdelingsleiar Avdeling Arbeidsliv, 986 05 892, monica.sandsta.hansen@nav.no

Arbeidsstad

Gamle Kleppestøvegen 2
5300 Kleppestø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nav

Referansenr.: 5173089562
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2026
Søknadsfrist: 15.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Monica Sandstå Hansen

Avdelingsleiar Avdeling Arbeidsliv

986 05 892

monica.sandsta.hansen@nav.no

Om bedriften

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c28ab1ea-09c8-4f56-8aa2-452c4b15725c

Sist endret

1. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

bb97849be791478fb241adcc11f78846

Lignende annonser

Laster lignende annonser