Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Nevrologi og revmatologi poliklinikk, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 20. desember

Er du sjukepleiar og ønskjer ein spennande arbeidskvardag med faglege utfordringar og tett samarbeid på tvers av fagområde?
Då kan dette vere stillinga for deg.

Nevrologi og revmatologi poliklinikk ved Førde sentralsjukehus har ledig eit 50 % vikariat frå 15.02.2027 til 31.12.2027 ved felles infusjonspoliklinikk i Førde.

Ønskjer du større stilling, kan vikariatet kombinerast med arbeid ved til dømes Nevrologi- og rehabiliteringssengepost eller Medisinsk sengepost.

Ved infusjonspoliklinikken får pasientar innan mellom anna nevrologi, revmatologi, medisin og barn og unge behandling i moderne lokale.

Du blir ein del av eit engasjert fagmiljø med sjukepleiarar og helsesekretærar som samarbeider tett om pasientbehandlinga.

Vi ser fram til å motta søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til pasientar som får infusjonsbehandling
  • Klargjering, administrering og oppfølging av medikamentell behandling
  • Observasjon og oppfølging av pasientar under og etter behandling
  • Dokumentasjon (Dips, Meona, Imatis)
  • Rettleiing og informasjon til pasientar og pårørande, kollegaer og studentar
  • Samarbeid med legar og andre faggrupper
  • Bidra til kvalitets- og forbetringsarbeid i eininga

Kvalifikasjonar

  • For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon
  • Erfaring og/eller interesse for dei aktuelle fagområda

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert og ansvarsbevisst
  • Løysingsorientert med evne til å jobbe sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner
  • Fleksibel og engasjert
  • Godt humør med ønskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling i ei nyoppretta og framtidsretta eining
  • Relevant opplæring ut ifrå arbeidsoppgåver
  • Faglege utfordringar og moglegheit for kompetanseutvikling
  • Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Rannveig Nes, Seksjonsleiar, (+47) 992 61 234

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5213369643
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Søknadsfrist: 20.12.2026

Kontaktperson for stillingen

Rannveig Nes

Seksjonsleiar

(+47) 992 61 234

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c279bb25-9950-4048-9338-1687c589db4f

Sist endret

24. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7fb5bc51d9524b60b96d774bd787092e

Lignende annonser

Laster lignende annonser